NRK Meny
Normal

– Farleg om plankane blir liggjande

Rundt halvparten av trelasta, som har spreidd seg over store havområde frå Vest-Karmøy og nordover, er nå plukka opp igjen. For ei veke sidan mista eit lasteskip 1000 kubikkmeter med trelast i havet, og no hastar det med å få opp resten.

Rundt halvparten av trelasta, som har spreidd seg over store havområde fra Vest-Karmøy og nordover, er nå plukka opp igjen. For ei veke sidan mista eit lasteskip 1000 kubikkmeter med trelast i havet, og no haster det med å få opp resten.

VIDEO: Gravemaskiner er sett inn for å plukke opp treplankane som har hamna i sjøen.

– Om ein cabin cruiser treff ein slik planke, då smell det godt, seier aksjonsleiar og maritim sjef i Karmsund havnevesen, Leiv Sverre Leknes.

Difor jobbar dei på spreng med å få opp alle plankane.

Det var i førre veke at eit lasteskip mista store mengder med trelast i sjøen utanfor Karmøy. Mykje er plukka opp, men eit omfattande arbeidd står att.

– Det er mange haugar med trelast, så om me klarer alt dette i dag skal vel godt gjerast, seier Leknes.

Dei er avhengig av godt ver for å kunne få opp alt.

– Om vinden skifter så driv plankane ut til havs, og då har me dei ute i leia igjen og då blir det problem, både for båtar, oppdrett og alt som ferdast på sjøen.

Dyrt oppdrag

Oppryddingsarbeidet er også dyrt, berekningar viser at det kostar 10 000 kroner i timen.

– Me skal ha nye møter i ettermiddag og vurdere kva me skal gjera vidare. For det er veldig veldig kostbart det me held på med. Men me må gjera så godt me kan, og mykje må nok bli basert på frivillig innsats seier Leknes.

Og han sett stor pris på dei som bidreg.

– Det sett me umåteleg stor pris på. Ære vera dei som plukkar opp ein planke, seier Leknes.