Halvparten av campingplassen forsvinn

Halvparten av areala til Mosvangen camping i Stavanger forsvinn med bygginga av Nye Gamlingen. Frp meiner politikarane er førte bak lyset.

Mer enn halvparten av camping-arealene til Mosvangen camping forsvinner med byggingen av Nye Gamlingen.
Det nye utendørsbassenget skulle gjøre den populære campingplassen i Stavanger enda mer populær. Men nå kan bassenget sette krokfot på hele campingplassen.

– Frå neste sesong er bygginga i full gang her, seier dagleg leiar ved Mosvangen Camping, Per Arne Haarr.

Og då blir det store endringar på den tradisjonsrike campingplassen i Stavanger.

Midt på campinga skal nemleg Nye Gamlingen byggast, utandørsbassenget som må flyttast på grunn av Ryfast-prosjektet. Det betyr langt mindre plass til campingvogner og telt.

Per Arne Haarr

Dagleg leiar ved Mosvangen camping, Per Arne Haarr.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me mistar meir enn halvparten av campingplassane i byggeperioden, og då blir det vanskeleg å drive butikk, seier Haarr.

30.000 gjester er innom Mosvangen i løpet av sommarsesongen. Med bygginga av Nye Gamlingen blir talet på plassar til campingbilar, vogner og telt redusert frå 140 til 60.

– Mi utfordring blir kor me skal gjera av alle turistane som veldig gjerne vil koma til Stavanger, seier Haarr.

– Trudde det skulle gi ein boost

Leif Arne Moi Nilsen representerer Framstegspartiet i kommunalstyret for miljø og utbygging. Han meiner politikarane er førte bak lyset.

– Eg må jo innrømma at her har eg blitt ført litt bak lyset. For sånn som me har blitt framlagt saka så skulle Gamlingen bli ein boost for campinga, ikkje at han bokstaveleg talt meir eller mindre skulle leggast ned.

Trur du politikarane hadde gått inn for å legga nye gamlingen til campingplassen, om dei hadde visst kva konsekvensane ville bli for campingplassen?

Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen representerer Framstegspartiet i kommunalstyret for miljø og utbygging.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Kanskje dei hadde lagt bassenget på den staden, men då hadde dei nok forlangt at det skulle vore ein meir heilskapleg plan, og at det skulle vera minst like mange einingar å leige ut som det er i dag.

Moi Nilsen vil no ta opp saka politisk.

– No vil eg ringe til utvalet sin leiar Egil Olsen og så må me forlanga oss framlagt ei sak i kommunalstyret, på korleis dette var tenkt og korleis me kan få dette til å gå i hop.

– Får noko som er meir attraktivt

– Her skal det mellom anna koma eit treningssenter, og ein liten kafe, seier Bernt Krogh, medan han viser kor på Mosvangen camping det nye anlegget skal ligge.

Han er prosjektleier for Nye Gamlingen i Stavanger kommune. Han seier det går med 6 mål av campingplassen til det nye utandørsbassenget.

– Dei mister noko, men dei får tilbake noko som er svært attraktivt for brukarane, seier Krogh.

Bernt Krogh

Bernt Krogh er prosjektleier for Nye Gamlingen i Stavanger kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Han meiner måten folk brukar campingplassar på, har endra seg i Noreg dei siste åra. Frå små telt, til store bubilar. Og då treng ein også stort areal for å huse alle bilane.

– Om Stavanger kommune skal finne ekstra areal til alle bubilane, det er eit politisk spørsmål, seier han.

– Gir ikkje opp

Campingsjef Per Arne Haarr meiner han treng plassen han har i dag, og er klar på at han ikkje gir opp sjølv om han får eit stort utebasseng på campingområdet.

– Me gir aldri opp. Me har lyst til å drive vidare med camping, og dette er ein super plass å gjera det på, heilt unik i Noreg, seier Haarr.