Nesten halvparten av alle valdtekter i Norge var relatert til fest i fjor – nå festar studentane for fullt i fadderveka, og politiet er på plass med ein viktig bodskap.
19. og 20. august køyrer dei ein haldningskampanje som oppfordrar studentar i heile landet til å vera ein kjernekar.
– Me ønsker å formidla at særleg gutar må ta ansvar. Både overfor seg sjølv, jenter, og andre gutar. Følg med på kompisar, og hjelp kvarandre i utsette situasjonar, seier Edvin Gard, politioverbetjent og seksjonsleiar for etterforsking på Stavanger politistasjon.
- LES OGSÅ: Stadig fleire valdtekter på fest
- LES OGSÅ: – Mange unge vet ikkje kva valdtekt er
Nesten halvparten av overgrep skjer på fest
40 prosent av melde valdtekter i Norge i 2012 var relatert til fest. For 2014 er tala heile 48 prosent.
Gard trur ikkje mange er klar over kor stor del valdtekter som er festrelaterte.
– Her er det nok mangelfull kunnskap, og eg håper at me kan bidra til å gjera folk meir bevisste, seier han.
Bevisstgjering kan vera med på å senke terskelen for å melda overgrep, trur han. Dette kan gjera at fleire valdtekter blir meldt, og at mørketala går ned.
Når eit stort publikum
– Faktisk så reknar Kripos med at me kan nå så mange som 200000 personar med denne bodskapen i løpet av dei to dagane kampanjen varer, seier Gard.
– Overgrep er ei enorm belastning, ikkje berre for offeret men også for familie og dei rundt, difor er dette noko me har- og skal fortsetja å ha fokus på.
Viktig med diskusjon
Anine Klepp, leiar for studentorganisasjonen stOr ved Universitet i Stavanger, er glad for at politiet kjem.
– Det er veldig bra at ein set fokus på ein slik problematikk, og køyrer ein kampanje som spreier bodskapen om noko så alvorleg som overgrep.
StOr-leiaren meiner det er viktig å ha diskusjon rundt temaet.
– Når ein har ein stor fadderfestival så kan jo slikt oppstå. Me håper og satsar på at det ikkje skjer, men det er sjølvsagt viktig å diskutera korleis me ville handtert eventuelle hendingar om dei skulle forekoma