Hopp til innhold

Hadde 80 kilo dynamitt i bilen

På E39 ved Heskestad blei vegen og jernbanen stengd i natt, etter at ein varebil med 80 kilo dynamitt velta.

Trafikkuhell på Heskestad
Foto: John Skåland

Litt over klokka to i natt fekk politiet og brannvesenet melding om at ein bil hadde velta under ei jernbanebru på E39 ved Heskestad.

Laster Twitter-innhold

Grunna vegarbeid var eitt av felta allereie sperra, vegen vart difor heilt stengd. Då brannvesenet kom til staden fekk dei opplyst at det var store mengder sprengstoff i bilen.

– Det var ein utanlandsk trailersjåfør som gav beskjed om at det var eksplosiv i bilen, som låg rett under jernbanen. Bilen hadde også klare merker med at det var eksplosiv inni, seier John Skåland, brannsjef i Lund.

– Me fekk oppretta ei tryggleikssone og haldt bilar vekke. Etter kvart som politiet kom til fekk me også varsla jernbanen og den vart stengd i halvannan time, fortel Skåland.

Sjåføren vart lettare skadd, men han var medviten og han kunne difor gi brannvesenet opplysningar om sprengstoffet, som vart frakta på lovleg vis.

Brannvesenet fekk etterkvart fjerna dynamitten og den er no lagra på ein sikker stad.

– Det var ikkje tennsats på dynamitten, så det var aldri vurdert som fare for at det kunne eksplodere, seier operasjonsleiar hos politiet, Kurt Løkklingholm.

Vegen vart opna igjen kl. 03:30.

Føraren har forklart til politiet at det var ein katt som sprang over vegen i forkant av trafikkuhellet.

Politiet har beslaglagt førarkortet til sjåføren.

Bil velta på E39
Foto: John Skåland