Pålagt karantenehotell: – Er villig til å ta kampen, her har UDI gjort ein feil

Ida Elisabeth Høgmo (25) hadde både SMS frå UDI og legeerklæring som sa at ho ikkje skulle på karantenehotell med babyen sin. Men det var likevel ikkje godt nok.

Ida Elisabeth Høgmo

Ida Elisabeth Høgmo saman med babyen sin. Sjølv om ho har fått legeerklæring på at ho ikkje må opphalda seg på karantenehotell, kan ho nå bli meld til politiet for å nekta.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det var veldig ubehageleg. Me har finlese alle reglane og gjort det me kunne for at dette skulle gå knirkefritt.

Det seier Ida Elisabeth Høgmo (25), som er norsk statsborgar busett i Danmark.

Torsdag reiste ho og den fire månadar gamle babyen hennar til Klepp for å besøke foreldra, som også er nybakte besteforeldre.

Før ho kjøpte flybilletten ville ho likevel vera sikker på at ho ikkje måtte bu på karantenehotell.

Fekk legeerklæring

På grunn av helsetilstanden hennar gjekk ho til legen, og fekk ei erklæring på at ho ikkje bør bu på karantenehotell. Ho vil ikkje gå nærare inn på dette, men NRK har sett legeerklæringa og er kjent med helsetilstanden.

I erklæringa står det mellom anna:

« ... det attesteres at denne ikke er egnet til at oppholde sig i et evt karantænelejr, eller hotel ...»

Legen skriv også i den same erklæringa at Ida Elisabeth Høgmo har fått påvist covid-19, og må sjåast på som immun.

Legeerklæringa blei sendt inn til UDI, saman med søknad om fritak frå karantenehotell.

Tysdag tikka det inn ein SMS på telefonen hennar frå UDI. Søknaden var innvilga.

« ... Du har fått ja til unntak fra opphold på karantenehotell ...», står det i SMS-en.

Ida Elisabeth Høgmo

I denne SMS-en står det at UDI har innvilga søknaden om fri frå karantenehotell. I brevet ho fekk stod det motsette.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fekk e-post, som ho ikkje sjekka

Samtidig fekk ho også e-post om at ho hadde fått ei ny melding i Digipost frå UDI. Denne opna ho ikkje, då ho tenkte at det var den same meldinga som ho fekk på SMS.

Ho kjøpte billettar til Noreg og torsdag sette ho seg på flyet. Men då ho kom til Sola kom overraskinga.

Då ho viste fram SMS-en frå UDI i kontrollen, fekk ho opplyst frå politiet at det i deira register stod at ho skulle på karantenehotell. Då sjekka ho Digipost-meldinga og oppdaga at UDI i dette brevet opplyste om at søknaden hennar ikkje var innvilga.

« ... UDI finner at det ikke er dokumentert at du lider av en alvorlig sykdom ...», står det i den.

Altså, UDI har sendt to svar på same søknad. Eitt på SMS der søknaden var innvilga. Og eitt på Digipost der søknaden ikkje var innvilga.

– Følte meg ikkje trudd på

På grensekontrollen var det avslaget som blei gjort gjeldande. Både Ida Elisabeth og dottera på fire månadar måtte på karantenehotell, sjølv om legen hadde sagt at ho ikkje skulle det.

– Eg følte meg ikkje trudd på. Dei lurte på om SMS-en var forfalska. Dei ville heller ikkje sjå på legeerklæringa mi, der det stod at eg ikkje skulle på hotell, seier Høgmo.

Ho fortel vidare at ho sa nei til koronatest, men ikkje blei høyrt på. Dermed blei barnet og mora testa mot mora sin eigen vilje.

– Eg måtte halda hovudet hennar fast medan to helsepersonell testa ho. Ho grein og hadde vondt.

Bente Høgmo

Bente Høgmo saman med dottera og barnebarnet sitt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil ta kampen

Etter 20 minutt fekk ho lov til å gå ut i ankomsthallen. Her venta foreldra.

– Det var tøft å sjå dottera mi opprørt med barnet på armen. Dette har vore vanskeleg for henne, fortel Bente Høgmo.

Dei fekk ein lapp der det stod kva karantenehotell ho skulle på, men bestemde seg for å heller reisa heim til Klepp.

– Politiet sa at me gjorde det på eige ansvar, og at me kunne bli melde, fortel Bente Høgmo.

Ida Elisabeth Høgmo

Det er ikkje oppretta sak mot Ida Elisabeth Høgmo, men om det skjer vil dei ikkje akseptera bota.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Når NRK har snakka med politiet fredag, og dei opplyser at det per nå ikkje er oppretta sak mot Ida Elisabeth Høgmo.

Bente Høgmo seier at dei uansett ikkje vil akseptera ei bot.

– Her har UDI gjort feil, og me er villige til å ta kampen. Me står fram med historia med håp om at andre skal sleppe å gå gjennom det same, og håper sjølvsagt på at UDI vil koma med ei beklaging, seier ho.

UDI beklagar feil SMS, men gir ikkje unntak

Assisterande avdelingsdirektør i UDI, Jonas Folmo, seier at SMS-en der Ida fekk unntak frå karantenehotell vart sendt ved ein feil.

– Det beklagar me på det sterkaste, verkeleg altså, seier Folmo. Han forklarar at SMS-en viste til feil innhald og at det oppstod feil då den vart sendt ut manuelt. Det var ein personleg feil, ein glipp.

Men får Ida Elisabeth Høgmo unntak?

– I dette tilfellet her har personen fått avslag på søknaden om unntak for opphald på karantenehotell.

Kva er årsaka til det?

– I dette tilfellet fann me ikkje at det var dokumentert at sjukdommen krev særskild tilrettelegging som hotellet ikkje kan tilby. Folmo seier at det ikkje er nok at legen skriv i si vurdering at pasienten ikkje kan bu på karantenehotell. Det må også dokumenterast kva som ikkje kan tilretteleggast på hotellet.

Lege vurderer ikkje

UDI har fått om lag 150 søknader kvar dag om unntak. Om lag 35 prosent har fått medhald. Det er ikkje legar som vurderer om ein får unntak frå karantenehotell, men saksbehandlarar som vurderer dokumentasjonen.

Snart skal det heller ikkje kunne skje at det ved ein glipp blir sendt ulik SMS og brev. Prosessen med å sende SMS skal automatiserast.

Ida har valt å dra heim, kva gjer UDI vidare?

– Me vil ikkje følge det opp vidare. Det må bli opp til politiet om det skal forfølgast, seier Folmo.

Bente og Ida Elisabeth Høgmo seier at dei no ikkje gjer noko anna enn å vente om det kjem ein reaksjon.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.09.2021
5 556
Smittede siste 7 dager
122
Innlagte
841
Døde
4 063 186
Vaksinerte