NRK Meny
Normal

Hadde bereposar med amfetamin

Ein 33 år gamle Litauar, som blei teken med 8,5 kilo amfetamin i Sandnes i fjor, er dømt til fengsel i meir enn fem år. Han ankar saka.

Amfetaminbeslag i Sandnes

«En pose full av opplevelser» står det på Narvesen-posane som er stappa med amfetamin.

Foto: Politiet

I mars i fjor gjorde politiet eitt av dei største amfetamin-beslaga som er gjort i Rogaland den siste tida, og det skjedde ved eit stort samantreff.

For det var ein politimann på biltur med familien sin, som køyrde forbi nokre austeuropearar i Sandnes. Han synst dei oppførte seg mistenkeleg og køyrde derfor familien sin heim, før han heldt fram med å spana. Kort tid seinare hadde politiet teke 8,5 kilo amfetamin i tre bereposar.

Amfetamin-beslag

Her i baksete på denne BMW-en var det politiet tok det store beslaget.

Foto: Politiet

– Blei pressa

Til saman er fem personar sikta i saka, og nå er førstemann dømd til fem år og to månader i Jæren tingrett. Dette er ein 33 år gamal litauar, som har busett seg i Sandnes, det var i hans bil politiet fann dei narkotiske stoffa.

Forsvararen hans, Frode Jæger Folkestad, seier at dei ankar saka.

– Klienten min meiner at dommen er feil og i alle høve for streng, seier Jæger Folkestad.

I dommen kjem det fram at 33-åringen hadde ei rolle som mellommann og at han stilte bilen sin til disposisjon til den kriminelle omgangskretsen sin.

Den litauiske hovudmannen, som er sikta for å ha ført amfetaminen inn i landet, blei han kjent med i miljøet rundt eit treningsstudio i Sandnes. Han kjøpte anabole steroid frå han, men byrja etter kvart å gjera tenester for han.

I retten gav han uttrykk for at det blei vanskelegare å sei nei, og då han blei beden om å passa på tre posar med amfetamin følte han at livet hans stod på spel, dersom han nekta.

– Han oppbevarte ikkje denne amfetaminen frivillig, han blei pressa til det, seier forsvararen, som gjekk for full frifinning i tingretten.

Det var då dei skulle leggja posane inn i bilen dei blei sett av den observante politimannen på familietur.

Fleire sikta

Hovudmannen, også ein mann frå Litauen, sit i varetekt på Austlandet sikta for å ha ført inn 10 kilo amfetamin til Noreg. I tillegg til om lag 200.000 piller. Han har frå før ein dom på seg, etter han blei teken med kokain i Oslo.

Ein tredje litauar er varetektsfengsla i Litauen, og sikta i same sak, i tillegg til to nordmenn.

Det er førebels ukjent om det vil bli teke ut tiltale mot desse.