Hopp til innhold

I Hå får 16-åringane stemma neste haust

Ved neste års kommuneval får 16- og 17-åringane i Hå kommune stemmerett, etter at kommunen vart trekt ut til å vera med i eit prøveprosjekt.

Juni Vatne

VIL STEMMA: Juni Vatne får lov å stemma ved kommunevalet neste år.

Foto: Svein Jacob Mathisen / NRK

– Me trur at dette kan vera med å tenna litt politisk engasjement hjå ungdom. Det er vanskeleg å dra med seg unge folk i politikken, seier Mons Skrettingland (H), ordførar i Hå kommune.

– Me treng ungdomen i politikken

Ved førre kommuneval i 2011 var berre Stavanger med i prøveordninga i Rogaland. Skrettingland er nøgd med at ungdomane i Hå no får sjansen til å vera med å bestemma.

Erfaringar viser at jo tidlegare ungdom får stemma, jo større er moglegheita for at dei vil halda fram å stemma og også engasjera seg i politisk arbeid.

Mons Skrettingland

VIL HA FLEIRE ENGASJERTE UNGDOMAR: Ordførar Mons Skrettingland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det trur eg kan vera resultatet av det. Om ein får dei til å stemma som 17-18-åringar, så vil det tenna ei politisk interesse vidare. Me treng ungdomen, seier Skrettingland.

– Hå kan gleda seg. Dei får mykje større moglegheit til å profilera lokale saker, og dei får fleire med til å ta stilling. 16-åringar lærer på ein heilt annan måte no enn tidlegare. No får dei påverka politikken i Hå kommune, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

– Vil påverka

Halvard Berg Galtvik er ein av ungdomane som vil nytta tilbodet neste år.

– Når eg fyrst får sjansen, så vil eg vera med å stemma, ja.

– Kvifor det?

– Eg har lyst at mine ting skal koma fram, og eg kan vera med å påverka Hå kommune, seier Berg Galtvik.

– Eg vil jo stemma på det eg meiner er rett. Om det er noko eg føler trengst, så vil eg stemma på dei som meiner dei kan oppfylla det, seier Hanne Høyland Undheim.

Juni Vatne

VIL STEMMA: Juni Vatne vil nytta stemmeretten neste år.

Foto: Svein Jacob Mathisen / NRK

– Det er mange 16-åringar som engasjerer seg, så det er bra me får sjansen, seier Juni Vatne.

– Eg trur ikkje det er nokon 16-åringar i Hå kommune som ikkje får dette med seg, det skal me sørgja for. Dei som ønskjer det skal få stemma, avsluttar ordførar Skrettingland.