NRK Meny
Normal

Gutar sluttar oftare enn jenter på vgs.

Fleire gutar enn jenter hoppar av vidaregåande skule i Rogaland. – Den norske skulen er tilpassa teoristerke jenter og då får me eit slikt resultat, seier Atle Simonsen frå Framstegspartiet.

Skoleelever i videregående skole

Det er gutane som gir opp først i den vidaregåande skulen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Når politikarane møter rektorar og lærarar på Sola i dag for å diskutere året utgåve av Kvalitetsmeldinga for den vidaregåande skulen, så kjem kjønnsskilnaden til å bli eit viktig tema.

78 % av jentene i Rogaland fullfører vidaregåande skule i løpet av fem år. Talet for gutane er 68.9%. Det betyr at tre av ti gutar og to av ti jenter hoppar av.

Dette gjeld dei elevane som byrja hausten 2009 og gjekk ut våren 2014, og som er dei nyaste tala som Statistisk sentralbyrå har presentert.

Ein skule for jenter

– Me har laga ein skule i Norge som er tilpassa teoristerke jenter og me får resultat deretter.

Jentene gjennomfører vgs i større grad enn guttene

Jentene gjennomfører vidaregåande utdanning i større grad enn gutane.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Dette seier FrpU-leiar og skulepolitikar i Rogaland, Atle Simonsen. Han meiner at noko må gjerast for å tilpassa den vidaregåande skulen i større grad til gutane.

Simonsen peikar på at færre obligatoriske og fleire valfag kan vera ein veg å gå.

Han ønskjer også at førsteåret på yrkesfag må bli meir fagorientert med mindre vekt på teori.

– Ungdommane må kjenna igjen faget dei har søkt på og då må irrelevante teorifag vekk frå yrkesfaga.

Atle Simonsen

Atle Simonsen leiar FrpU og er også opplæringspolitikar i Rogaland.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det er ingen som har søkt mekaniske fag fordi dei vil lære diktanalyse. Og eg forstår at dei blir skikkeleg umotiverte av å læra det, seier Simonsen.

Utfordrar lærarar og rektorar

Simon Nesse frå Arbeidarpartiet leiar Opplæringsutvalet i Rogaland. Han vil ta opp skulesluttarproblematikken med dei som kjenner den vidaregåande skulen best, nemleg rektorar og lærarar.

– Me kan konkludera med at det ikkje er noko gale med gutane. Når me ser på skilnader som er så tydelege, så må det ha noko med måten me organiserer dette på, som ikkje treff gutane, seier Nesse.

I dag møter politikarane administrasjon og lærarar på dei vidaregåande skulane i fylket, på eit fellesmøte på Sola Vidaregåande skule.

Eit av dei viktige tema i dag er gjennomgang av årets Kvalitetsmelding for den vidaregåande skulen.

– Eg er veldig interessert i korleis lærarar og dei som arbeidar i administrasjonen meiner dette kan løysast, for dette må me jo gjera noko med, seier Nesse.