NRK Meny
Normal

Gut (5) påkøyrd på Kverneland

Ein fem år gamal gut er frakta til Stavanger universitetssjukehus i luftambulanse. Han vart påkøyrd av ein bil i eit bustadfelt på Kverneland på Jæren.

Ulykke på Kverneland

Politiet gjer undersøkingar på staden.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet fekk meldinga om ulykka kl. 16:47.

Meldinga var at ein bil hadde køyrd på eit barn i eit bustadfelt på Kverneland, i nærleiken av Kvernelandsfabrikken.

Luftambulanse og politi rykka ut til staden.

– Barnet er frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus (SUS). Han var bevisst då dei tok han med i helikopteret, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen.

Klokka 19:15 melder SUS at guten er lettare skadd, og at tilstanden er stabil.

Hamna under bilen

Politiet har gjort undersøkingar på staden der ulykka skjedde, og avhøyrd vitne.

Ifølgje politiet har guten kome ut frå ein sykkel- og gangsti. Då han kom ut i vegbana blei han treft av det eine hjulet, og hamne under bilen. Han blei dratt med fleire meter før bilen stoppa.

Føraren er ein mann i slutten av 50-åra. Førarkortet hans er beslaglagd.

Laster kart, vennligst vent...