Hopp til innhold

Gut (16) alvorleg skadd i traktorulukke

Ein gut på 16 år er alvorleg skadd etter å ha blitt påkøyrd av ein traktor på Nærbø.

Bjorland
Foto: Skjermpump

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.40.

– Det er to gutar i tenåra som har vore involvert i ulukka. Den ein køyrde traktoren, medan den andre vart rygga over, seier operasjonsleiar Kjetil Føyen i Rogaland politidistrikt.

Guten vart frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus.

I kveld opplyser sjukehuset at tilstanden til den 16 år gamle guten er alvorleg, men stabil.

Ulukka skjedde inne på eit gardsbruk, i forbindelse med gardsarbeid. Føraren var for ung til å ha førarkort, men det skal ha vore vaksne til stades då ulukka skjedde.

Politiet er no på staden og gjer naudsynte undersøkingar, og snakkar med folk som var på staden då ulukka skjedde, fortel Føyen.

Saka blir no etterforska.