NRK Meny
Normal

Gut (12) påkøyrd på Klepp

Ein 12 år gammal gut er påkøyrd på Klepp. Føraren stakk fra staden.

Uhell Bryne

Ein 12 år gammal gut blei påkøyrd på Bryne fredag kveld.

Foto: Magnar Larsen

Klokka 19.45 melder politiet at ein gut (12) er påkøyrd i Lalandsvegen på Klepp.

– Det var ein gut som gjekk langs vegen saman med faren då han vart påkøyrd av ein bil, seier Kurt Løklingholm i Rogaland politidistrikt til NRK.

Bevisstlaus

Sjåføren har stukke frå staden i ein mørk personbil. Han køyrde i retning Klepp stasjon.

– Alt me veit førebels om den bilen vi leitar etter, er at den skal vere mørk, truleg raud, seier Løklingholm.

Ifølgje politiet var guten bevisstlaus då ambulansen kom til ulukkestaden. Ut over dette er skadeomfanget ukjent. 12-åringen er no send til Stavanger Universitetssjukehus.

– Det som skjer no er at krimteknikarar er på veg ut for å undersøka åstaden, fortel Løklingholm.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.