Hopp til innhold

Gult er kult året rundt for Karoline og Daniel

Hos familien Omlie i Stavanger er det påskegult året rundt. Pandemien har gjort fargelause nordmenn meir fargerike, meiner fargeekspert.

Karoline Omlie og Carl Daniel Omlie

Karoline Omlie og Carl Daniel Omlie er begge hekta på alt som er gult. Dermed måtte det bli gul bryllaupsbil då dei gifta seg.

Foto: Privat / Privat

Det er ingen tvil om at påska er den gule høgtid.

Gule egg, gule kyllingar, gule påskelinjer og gule serviettar.

Men for Karoline Omlie og ektemannen Carl Daniel Omlie i Stavanger, er det gult som gjeld 365 dagar i året.

Inngangsdøra til huset er gul, trappa er gul, søppeldunken er gul, putene er gule.

Karoline Omlie i gul trapp
Den gule trappa i huset til familien Omlie er mannen sitt påfunn, altså Carl Daniel.
Karoline Omlie
Den nye inngangsdøra er knall gul. Her kan du ikkje gå feil.

Ja, det meste blir gult når ekteparet kan velja. Det er fargen menneskeauge ser best og oppfattar raskast.

Til og med uniforma på jobben til Karoline er gul når arbeidsplassen er IKEA.

– Gul er ein veldig glad farge og veldig fin. Det er mykje glede rundt gult, seier Karoline, som kledeleg nok gjer intervjuet med både gul bukse, gul veske og gul mobil.

Gule barnesko i utstilling på hylla

Gule barnesko står utstilt i hylla.

Foto: Ninnie Therese Rogne Nilsen / NRK

Hekta på gult

Karoline er interiørdesignar og Carl Daniel er tømrar. Saman deler dei interiørtips på sosiale medium.

– Me ønsker å visa at ein kan laga ein stilfull familieheim med gode løysingar. Men ja, det er mykje gult, seier familiemora.

Me må tilbake til 2012 for å få svar på når Karoline la sin elsk på gult. Då kjøpte ho sin første leilegheit i Kristiansand.

– Eg skulle innreia leilegheita og trengde finna min stil og farge. Då blei det gult.

Etterpå eskalerte det.

– Alle gav meg gule ting og eg forelska meg heilt i fargen.

Som om livet ikkje var gult nok frå før, forelska ho seg også i ein mann som var hekta på gult.

– Han har alltid elska gult, seier ho.

Derfor var det også naturleg at gult blei fargetema under bryllaupet.

– Me berre måtte ha eit gult bryllaup. Det var gule sko og gule blomar. Mannen min fekk også tilbakemelding på sokkevalet i kyrkja. For då sokkane kom til syne då han sat seg ned, lyste dei gult.

gult bryllup

Ikkje overraskande blei gult fargetema i bryllaupet til Karoline og Carl Daniel. Her har Karoline gule finsko, medan Carl Daniel går for gule sokkar.

Foto: Privat / Privat

Gult er årets farge

Dei siste ti åra har Fargerike kåra årets farge. For 2022 er vinnaren gul.

«I år har juryen falt for en farge som symboliserer liv, glede og nye begynnelser. Årets farge er gul», skriv dei på sine nettsider.

Ifølge Informasjonskontoret for farge og interiør er gul definitivt ein trendfarge.

Gult i ulike variantar har vore varsla som kommande trendfarge i fleire år. Men det tar gjerne noko tid frå trendbyråa kjem med sine varslar til mange hiv seg på bølga, seier redaktør og kreativ leiar ved informasjonskontoret, Bjørg Owren.

Fargeeksperten seier kulørsterk gul gir masse energi og godt humør. Ho likar også måten familien Omlie bruker den sterke gulfargen på.

Du kan samanlikna det å setja saman fargar i eit interiør med måten me byggjer eit antrekk på. Det er dei små detaljane som gjer forskjellen. Det er utruleg kva eit par lekre sko eller slips kan gjera med eit «kjedeleg» antrekk.

Karoline Omlie

Alt er ikkje like gult i huset til Karoline Omlie. Men interiøret er spekka med gule detaljar.

Foto: Ninnie Therese Rogne Nilsen / NRK

Grå nordmenn har blitt fargeklattar

Owren seier pandemi og heimekontor har gjort at mange nordmenn har oppdaga dei fargelause heimane. Gråmåling og grå sofaer er byta med sprekare fargeval.

Etter over 20 år med kvitt og grått som dominerande i interiørmoten, var det tid for at pendelen skulle svinga tilbake, meiner Owren, som oppmodar folk til å ta heile fargeskalaen i bruk.

Hos familien Omlie er det framleis gult som er kulast. Det gjer påskepyntinga noko enklare enn for dei fleste av oss.

– Det blir litt gule blomar. Det blir det einaste. Elles er det veldig gult frå før, smiler Karoline.

– Påske heile året?

– Ja, det er det hos oss, ler ho.

– Men jul må vel vera litt krevjande når alt i utgangspunktet er gult?

– Ja, det er litt kjedeleg med gul jul, så då pakkar me vekk alt det gule i dei tomme eskene etter julepynten. Det er litt vanskeleg med den gule trappa, så den får stå.

Alt som er gult er likevel ikkje like kult for Karoline. Ho er nemleg ironisk nok allergisk mot løvetann.