Krimteknikarar jobba i 11-tida inne på gullsmeden.
Foto: Kaj Hjertenes / NRK– Det er stort sett smykke og klokker som har blitt tatt, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Tor Helge Stavik.
Ifølgje dagleg leiar i butikken skal det handla om verdiar for fleire millionar kroner.
Håper på gode bilete
Det var klokka 02:19 natt til torsdag politiet fekk melding om at hovudinngangen til kjøpesenteret Kvadrat var knust, og at fleire glasmonter ved Gullsmed Christophersen også var knuste.
Politiet har få spor å gå etter, men håper at overvakingskamera-systemet på Kvadrat kan gje svar på kven gjerningsmennene er.
– Me jobbar med å samla inn spor og få ut videoen frå overvakingskamera. Etter kvart vil det også bli ei krimteknisk undersøking på staden, seier Stavik.
Det skal ikkje ha blitt stole frå andre butikkar inne på kjøpesenteret.
Klokka 09.00 opna senteret som vanleg, men gullsmeden er sperra av. Krimteknikarar jobbar med å sikra tekniske spor.
Fleire innbrot
Det er berre eit halvt år sidan førre gong ein gullsmed blei utsett for tjuvar på Kvadrat. Den gong blei ein mann tatt for å ha stole smykke for fleire millionar kroner.
Elles var det også innbrot på kjøpesenteret i fjor. Då forsynte tjuvane seg av dyre merkeklede.
Natta andre juledag i 2011, tok tjuvar seg inn gjennom taket på Kvadrat, deretter tok dei føre seg av dyre parfymar.
Innbrot på Kvadrat