Hopp til innhold

Gugarden-jakke

Politiet i Egersund har sendt ut eit bilde som viser jakka, som den sakna Sissel Gugarden hadde på seg, den kvelden ho forsvant i Egersund.

Illustrasjonsbilde, kopi av Gugarden si jakke
Foto: Politiet

- Politistasjonssjef Henry Tendenes understrekar at det er ein kopi av jakka, som viser på bildet.  Personen som viser jakka er heller ikkje Sissel Gugarden, men ein modell.

Gugarden forsvant tysdag den 20. februar. Ho blei sist sett klokka 20.30 på kvelden, på veg til Corner Pub i Egersund.