NRK Meny
Normal

Guetta kjem til Stavanger

Den nye Stavanger-festivalen Utopia presenterte i dag David Guetta, Highasakite og Julie Bergan som headlinerar.

David Guetta

DJ David Guetta under iHeartRadio Music Festival i Las Vegas for to år sidan.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

– Det er med nokre dosar stoltheit og nokre dosar ærefrykt me inviterer verdsstjerna David Guetta til den vesle byen, sa festivalsjef Espen Yung Svendsen under dagens pressekonferanse.

På pressekonferansen blei endeleg dei første hovudattraksjonane til festivalen presentert. Namn som det har vore knytt stor spaning til etter nyheita om ein ny festival med budsjett på over ti millionar kroner kom i desember i fjor.

– Tok elektronisk pop opp frå undergrunnen

Den franske disc jockeyen er verdskjent og står ifølgje festivalsjefen bak nokre av dei største hitane i dette millenniet.

– Det var Guetta som tok elektronisk pop opp frå undergrunnen, seier Svendsen.

David Guetta har hatt fleire konsertar i Noreg, han var mellom anna headliner for festivalen Findings i Oslo.