Hopp til innhold

Gudstenestekø i Stavanger

Det er grunn til å rekna med lang kø utafor Domkyrkja i Stavanger onsdag føremiddag.  Det er for dei som vil vera med på gudstenesta for Dronninga og som ikkje er inviterte på førehand.

Domkirkeplassen i Stavanger

Det blir kø på Domkyrkjeplassen i Stavanger, onsdag føremiddag

Foto: NRK

Personar som har fått tildelt billett, slepp inn i Domkyrkja frå kl. 0930. 

Dei som ikkje har billett, og som gjerne vil oppleve takkegudstenesta saman med Dronninga, må vente til 0950 før dei slepp inn . 

Då er det førstemann til mølla som gjeld, inntil det er fullt i kyrkja. 

Men med eit par unntak.

Set kofferten heime

Sikkerhetsårsaker gjer at publikummarar som stiller med store vesker, koffert eller ryggsekk, ikkje slepp inn.

Inngangen for det vanlege publikum er gjennom sidedøra mot Domkyrkjeplassen/SR-Bank.

Toaletta kjem til å vera stengde, og arrangørane ber publikum vera førebudde på det.

100-150 plasser

Domkyrkja tar omlag 600-650 menneske denne dagen.  Til saman er dei inviterte 500 personar.  Då gjenstår mellom 100 og 150 plassar for dei som gjerne vil sleppa inn utan billett.

Dronning Sonja

Dronning Sonja

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

- Det er ikkje mange stolane, men det er trass i alt betre enn ingenting, seier Alain Fassotte, kulturkonsulent i Den norsk kyrkje i Stavanger.

Og så kjem Sonja....

Etter planen skal Domkyrkja vera fullsett klokka 10.10, onsdag føremiddag.  H.M. Dronninga med følge kjem først klokka 10.40. Då byrjar gudstenesta umiddelbart.