Hopp til innhold

Gründer-boom i Rogaland

Gründer-framveksten i Rogaland har eksplodert dei siste månadane, mykje grunna stressa arbeidsmarknad, ifølge Jæren Produktutvikling. Å stå utan jobb kan inspirera til å skape sin eigen jobb – det gjorde Monica Dalen-Haugland.

Monica Dalen-Haugland

Den ferske bedriftseigaren Monica Dalen-Haugland viser nettsida kor ho ska selja kosmetikk.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Huff, ikkje sjå på rotet ...

Monica Dalen-Haugland viser oss inn i ei lys stove med friske blomster på bordet.

– Det er slik kontoret til ein gründer skal sjå ut! seier Ingrid Roth.

Roth er etablerarrettleiar og prosjektleiar hos Jæren Produktutvikling, og er på besøk hos Dalen-Haugland for å gå gjennom forretningsplanar og papirarbeid.

Oppseiing blei til nysatsing

– Eg mista jobben min i Aibel i fjor, og tenkte at no kan eg sjå på dette som ein moglegheit til å satsa, seier Dalen-Haugland.

Målet er å leva av sin eigen nettbutikk med kosmetikkprodukt. Og stadig fleire gjer som henne. Ifølge tal frå Innovasjon Norge veks satsinga i heile landet, med Rogaland i toppen. Her auka utbetalinga av etablerartilskot med 13 millionar kroner frå 2013 til 2014.

Dalen-Haugland har ikkje søkt støtte frå Innovasjon Norge, men får hjelp av Jæren Produktutvikling.

Dagleg leiar Per Kverneland har merka stor pågang dei siste månadane, og ser på det auka trykket som ein konsekvens av situasjonen i arbeidsmarknaden.

Viktig å vurdera risiko

– Me hadde ei stor auke i 2014, og ser at den fortset i 2015. Me trur at tidene er dårlegare, folk mistar jobbane sine, og er villige til å starta for seg sjølv.

– Det å tenke risiko når ein startar for seg sjølv er kjempeviktig, og det bruker me mykje tid på å snakka om, seier Roth.

– Eg tenker som så at eg er sikker på at dette skal gå, forsikrar Dalen-Haugland.

Men statistikken er ikkje lystig lesing. Tal frå SSB viser at skarve tre av ti bedrifter framleis er i drift etter fem år.

Den nybakte bedriftseigaren er likevel optimist.

– Om det i verste tilfelle ikkje går, så har eg fått erfaringa det er å starte eit AS, driva eit AS, væra min eigen sjef, og skapa noko nytt. Det er opp til meg sjølv, rett og slett, seier Monica Dalen-Haugland.