Hopp til innhold

Grovt tjuveriforsøk i Stavanger

To personar er framleis på frifot etter eit forsøk på tjuveri frå eit kassaapparat i ein butikk i Stavanger.

tyveri hos g-star raw
Foto: Julie Renee Buene / NRK

Klokka 14:58 fekk politiet melding om eit forsøk på ran i butikken G Star Raw i Nygata i Stavanger. Det viste seg å vera eit grovt forsøk på tjuveri frå kassen.

Dei to mistenkte, ein mann og ei kvinne, enda opp i eit basketak med beteninga. Og dei stakk frå staden.

Politiet kom til butikken like etter og har sikra seg video frå omkringliggjande butikkar.

Dei to mistenkte er framleis på frifot, og politiet søker etter dei.