Hopp til innhold

Grovt ran i privathus i Sola

Med slag og spark rana to personar til seg eit gullsmykke i eit privathus på Tananger i Sola. Ranet skjedde søndag morgon. Politiet opplyser at det handlar om eit oppgjer innafor det kriminelle miljøet.

Tananger

Det var to menn på 47 og 50 år, som var til stades i privathuset. Dei opplevde at to andre menn trengde seg inn i bustaden og kravde å få med seg pengar.

Ranarane trua med slag og spark, og fekk med seg eit gullsmykke før dei stakk av i ein privatbil.

Måtte på sjukehus

Den eldste mannen i huset, blei lagt inn til observasjon på Universitetssjukehuset i Stavanger.

Også den andre mannen, som budde i privatbustaden, måtte ha ein sjekk på legevakta.

Kjørte vekk i ein privatbil

Bilen som ranarane brukte, blei funnen parkert eit stykke vekke frå huset. Politiet har i ettertid prøvd å finna gjerningspersonane utan å lukkast.

Politiet opplyser at dette er eit oppgjer innanfor det kriminelle miljøet