Hopp til innhold

Bønder er usikre på om dei får nok arbeidskraft til innhaustinga: – Det er tøft

Regjeringa har gjort det litt enklare å få inn utanlandsk arbeidskraft. Men bonde Jone Wiig veit framleis ikkje om blomkålen hans kan bli hausta.

Jone Wiig, Wiig Gartneri

MANGLAR FOLK: Jone Wiig frå Wiig Gartneri på Klepp får ein krevjande vår. Han veit om kollegaer som har kutta produksjonar på grunn av lite arbeidskraft.

Foto: Erik Waage / NRK

Våren er her, og spirer og frø skal i jorda. Og som vanleg skal grønsakene opp og i butikk. Men i år er grønsaknæringa bekymra.

– Det er ei uvisse på mange nivå, og det er tøft, seier Jone Wiig som driv Wiig Gartneri på Klepp.

Pandemi og stengde grenser gjer det vanskeleg for Wiig å planleggje innhaustinga av grønsaker i år. Akkurat no er det utanlandske arbeidarar på garden, men snart må han ha enno fleire.

For det trengst mange hender til å hauste, og det trengst hender med fagkunnskap og erfaring. Den neste halvannan månaden skal Wiig Gartneri eigentleg få 25 gjestearbeidarar på garden, men det ser mørkt ut. Og å bruke vener og kjente blir fort komplisert.

– Det er krevjande å lære opp ein heil arbeidsstokk på nytt. No går det mykje på planlegging, og prioritering av arbeidsoppgåver. Mor på 66 er med på traktoren igjen, seier Wiig.

Nøydd til å kaste mat

Kari Aarekol, seniorrådgjevar hos Norsk Landbruksrådgjeving på Jæren, ser at det er fleire desperate bønder der ute akkurat no.

– Mange blir nøydd til å kaste grønsaker om dei ikkje får inn arbeidarar til innhaustinga. Og då kjem ikkje produkta til butikkane som planlagt.

– Det har vore stor arbeidsløyse det siste året. Kunne våren ha vore planlagt betre?

– Ja, det har vore arbeidsledige men mange av dei klarer ikkje det kroppsleg tunge arbeidet, og mange vil ikkje. I tillegg treng landbruket folk med ein viss kunnskap som er vanskeleg å lære opp.

Wiig Gartneri

Blomkål på veg ned i jorda. Men korleis vil det gå når dei ein dag skal opp att? For Jone Wiig har det vore vanskeleg å planleggje sesongen.

Foto: Erik Waage / NRK

Men det kan vere håp i sikte. Fredag vedtok regjeringa å setje i verk ei dokumentasjonsordning for grøntnæringa, som gjer det mogleg for bønder å søkje om innreise for nødvendig arbeidskraft.

– Denne ordninga kan hjelpe enkelte, men ikkje alle, seier Aarekol.

Plant som planlagt

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) oppfordrar bøndene til å plante det dei har moglegheit til å plante, til trass for at tida framover førebels ser usikker ut.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) forstår godt at bøndene er bekymra, men håper det kjem ei betre tid etter sommaren.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Me gjer det me kan for å få inn arbeidarar, men ein må forstå at dette er ein pandemi som tek liv, og det betyr prioriteringar, seier Bollestad.

Helse, og barn og unge blir prioritert først. Men Bollestad understrekar at sikring av matforsyninga også er viktig. Men fram til sesongarbeidarane eventuelt kjem, må bøndene bruke seg sjølv og dei rundt seg.

– Gjennomfør dei planane du har. Bruk arbeidskraft gjennom Nav, skuleungdom, og familie. Så gjer me det me kan.

Trur ikkje på smittefaren

Aarekol på si side trur ikkje gjestearbeidarar fører med seg større smittefare, heller tvert imot.

– Dei må jo i karantene, og held seg for det meste på arbeidsplassane. Norske arbeidarar hadde kome frå forskjellige kommunar med ulike kohortar, og det gir jo større smittefare.

Blomkålen til Jone Wiig ligg godt planta ned i jorda. Men han aner ikkje kven som skal hente dei opp att.

– Du kan berre tenkje deg sjølv korleis det er.