NRK Meny
Normal

Trening i kjellaren gav resultat

Finnøy er raskare enn Sandnes, men saktare enn Klepp.

Gro Skartveit tester trøbil i Top Pedal på Ullandhaug

Finnøy-ordførar Gro Skartveit var dagens utøver i Top Pedal.

Finnøy-ordførar Gro Skartveit trente i kjellaren på ergometersykkel i to veker før ho skulle delta i Top Pedal.

Ho kryssa målstreken på 45,97 sekund, og er med det den 53. beste som så langt har konkurrert.

Ho greidde så vidt å slå Stanley Wirak, men greidde ikkje Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese.

– Dette er det største som har skjedd i sommar, etter sommarbåten, sa Gro Skartveit til NRK etter målgang.