Gris påkøyrd av tog

Korleis ein gris kom seg ut av grishuset og deretter gjennom gjerdet ved toglinja er eit stort mysterium for Jernbaneverket. Nå går dei frå dør til dør for å finna bonden som eig den påkøyrde grisen.

Det var klokka 09:40 i dag at lokaltoget som går mellom Stavanger og Egersund varsla om at dei hadde køyrd på ein gris mellom Varhaug og Vigrestad.

– Me hadde mannskap ute, ikkje langt frå der påkøyrselen skjedde, som me sende til staden, seier Ragnhild Aagesen, som er pressevakt i Jernbaneverket.

Då dei kom til staden fann dei slaktegrisen på toglinja. Den var skadd i den eine foten, men levde ennå.

Laster kart, vennligst vent...

Grisen blei påkøyrd ein stad på Jærbanen mellom Varhaug og Vigrestad.

Veit ikkje korleis det kan ha skjedd

– Me har kontakta viltnemnda, som skal koma for å avliva grisen, fortel Aagesen.

Ho legg til at det ikkje var snakk om verken materielle skadar, eller forseinkingar i togtrafikken etter ulukka. Likevel så er det mange spørsmål som reiser seg til korleis dette kan ha skjedd.

– Me køyrer stadig på dyr, men då er det snakk om ville dyr. Korleis ein gris har kome seg ut av grishuset og gjennom gjerdet har me ikkje svar på.

Laster Twitter-innhold

Politiet melde feilaktig at grisen døydde momentant etter påkøyrselen.

Frå dør til dør

I det aktuelle området er toglinja inngjerda med trådgjerde og sauenett. Både politiet og Jernbaneverket ønsker å koma i kontakt med bonden, for å få svar på kva som kan ha skjedd. Førebels har ingen meldt seg.

– Me har nå ute mannskap som rett og slett går frå gard til gard for å prøva å finna ut kven som eig grisen, seier Aagesen.