Hopp til innhold

Nå skal grillukta vekk

Vel er det godt med grillukt i desse varme sommardagane. Men kunstnaren, Terry Nilssen-Love, vil helst ikkje at kunsten hans skal lukta grill. Nå held ferda fram for den brannråka kunstsamlinga hans.

Vel er det godt med med grillukt i desse varme sommardagane. Men kunstnaren Terry Nilssen-Love vil helst ikkje at kunsten hans skal lukta grill. Nå held ferda fram for den brannråka kunstsamlinga.

SJÅ VIDEO: Terry Nilssen-Love og gode hjelparar flyttar om lag 400 måleri frå brannstasjonen i Stavanger til ei bedrift i Sandnes. Her skal bileta restaurerast etter brannen på onsdag.

Fredag kveld blei dei om lag 400 måleria til Terry Nilssen-Love frakta frå brannvesenet sin gymnastikksal i Stavanger til ei bedrift i Sandnes. Her skal restaureringa av kunsten, som blei skadd i storbrann på onsdag, starta.

– Dette er eit firma som tar vare på ting som har fått vasskadar og liknande. Dei skal blåsa luft på bileta, fjerna fukt frå dei og fjerna lukt, fortel Nilssen-Love til NRK.no.

Grillukt i måleria

For etter brannen er det nå ei intens lukt frå måleria hans.

– Viss du kjenner etter luktar det grill, noko som ikkje er så behageleg, seier kunstnaren.

Han smiler og er svært takksam for all den kunsten som faktisk klarte seg gjennom brannen. Noko han også viste då han takka brannvesenet i dag, og sa at han ville laga eit heilt spesielt verk til dei, som takk for innsatsen (sjå video under).

Noko av det han hadde på atelieret sitt er likevel øydelagt for godt.

– Det eg hadde av teikningar frå studenttida mi er øydelagt, og dette er ting som har affeksjonsverdi for meg, det er det som er mest trist.

Ei stund til han kan måla igjen

Etter bileta har ligge i ei til to veker i Sandnes skal dei vera klar. Då må Nilssen-Love ha ein ny stad å lagra bileta.

– Det kan ta litt tid å få på plass eit nytt atelier sidan dette er ei forsikringssak. I mellomtida må dei nok lagrast i ein konteinar eller noko. Først når eg har fått meg eit atelier kan eg koma i gang med å måla igjen, seier han.

Kunstner Terry Nilssen-Love takker brannvesenet for at livsverket hans ble berget under storbrannen i Stavanger, onsdag. Flere hundre malerier ligger nå til tørk på brannstasjonen, sikret av snarrådige brannfolk.

SJÅ VIDEO: Her takkar Terry Nilssen-Love brannvesenet.