NRK Meny
Normal

Grillstopp på Vestlandet rammar kjøtsalet – men enkelte finn alternative metodar

Meir enn 400.000 nordmenn har nå grillforbod i eigen hage, noko som er merkbart i butikkhyllene. Enkelte meiner forbodet er idiotisk.

Alternativ til grilling

Ole Gabriel Birkeland frå Stavanger kosta støvet av hybelkomfyren frå 70-talet då det blei grillforbod. Dermed kunne han laga til hamburgarane ute likevel.

Foto: Ole Gabriel Birkeland

– Eg har aldri opplevd liknande engasjement, seier kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger kommune, Ståle Madland Schjelderup.

Stavanger og 17 andre kommunar i Rogaland og Hordaland innførte forbod mot å grilla i eigen hage på fredag. Etter Stavanger kommune informerte om forbodet på Facebook har det kokt.

« ... Dere kan ikke forby oss å grille. DET BLIR INGEN SOMMER UTEN GRILL😡😡 ...»

Dette er ein av mange kommentarar frå publikum, men ifølgje Madland Schjelderup er det stort sett positive kommentarar.

– Folk er opptekne av at det er tørt og mange har forståing for forbodet. Det er likevel synd når brannvesenet blir nedringde av folk som vil ha dispensasjon fordi dei har kjøpt inn så mange pølsepakkar.

For beskjeden frå brannsjefen er klar: Ingen får dispensasjon.

Her er det ikkje lovleg å grilla i eigen hage:

Laster kart, vennligst vent...

I dei mørkaste kommunane på kartet er det forbod mot grilling i eigen hage, også gassgrill. I kommunane som er raude er det høg og svært høg skogbrannfare måndag 4. juni.

– Steik kjøtet på panna

Over store delar av landet er det nå så tørt at det er totalforbod mot eingongsgrillar, bål og open eld. Det er også restriksjonar på bruk av til dømes motorsag og kantklipping, og i Telemark ber brannvesenet skogeigarar om å stenga skogsvegar slik at folk ikkje kjem seg inn i skogsområda.

Det strenge forbodet mot å grilla i eigen hage gjeld for folksame kommunar som Bergen, Stavanger og Sandnes. Derfor merkar butikkane det godt på kjøtsalet.

Dag Ove Aksland

Dag Ove Aksland er regionsdirektør for Coop sine butikkar på Vestlandet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Me ser at salet av typiske grillprodukt som grillribbe er redusert den siste veka, men me har ennå ikkje konkrete tal, seier regionsdirektør i Coop på Vestlandet, Dag Ove Aksland.

Dei er i konstant dialog med kjøtleverandørane for å sikra at dei ikkje skal ta inn for mange varer. Hos Fatland på Ølen sender dei kvar dag ut om lag 75 tonn grillmat. Også her er dei opptekne av forbodet, som ifølgje vêrmeldingane kan bli langvarige.

– Det er klart at ein må vera forsiktige, men forbodet går sjølvsagt utover salet av grillmat. Eg håper at folk finn andre måtar å laga grillmaten til på, for sjølv om dei steiker maten inne, så kan dei framleis eta det ute, seier dagleg leiar ved Fatland Ølen, Svein Fatland.

Grillmat hopar seg opp

Hos Rema 1000 på Stangeland i Sandnes har det hopa seg med kotelettar. Via Facebook oppfordrar dei kundane sine til å heller steika kotelettane.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund, Cecilie Berntsen JÃ¥sund / NRK

Ein av dei som gjorde nettopp dette i helga var Ole Gabriel Birkeland frå Stavanger. Han og kona kosta støvet av hybelkomfyren frå studietida på 70-talet i Bergen, og hadde den ute på terrassen i helga.

– Når det er forbod må me finna andre måtar å gjera det på. For når det er så godt vêr så vil me vera ute å laga maten og eta den, seier Birkeland, som støttar forbodet.

– Forbodet har fungert

Trass protestar frå fleire folk så opplyser brannvesenet om at forbodet så langt har vore vellukka, og at det vil vara heilt til det kjem regn.

Laster Twitter-innhold

– Færre grillar, og dei som trassar forbodet er meir forsiktige. Det har ikkje vore tilløp til brann, seier brigadesjef i Rogaland brann og redning, Alf Egil Krohn.

Politiet har ikkje gitt bøter, sjølv om dei har fått meldingar om folk som har grilla i helga.

Hå kommune på Jæren er ein av dei som ikkje har forbod mot å grilla i hagen, sjølv om nabokommunane har det. Men hos dei gjeld forbodet likevel på hytter.

– Me tenker at folk har hageslangar tilgjengelege i eigne hagar og generelt sett er forsiktige, derfor har me så langt ikkje behov for å innføra strengare forbod enn det me allereie har, seier brannsjef Per Ivar Aniksdal.