Hopp til innhold

Gret då dei såg desse steinane

– Eg hugsar godt då dei blei tatt med av tyskarane, seier Dina Sæbbø om sine tidlegare naboar. Nå har den jødiske familien, som blei drepne i Auschwitz, fått kvar sin såkalla snublestein i Stavanger.

Snublesteinar i Stavanger
Foto: Einar Espeland / NRK

Snublesteinar ved Figgjogata 11

Også her i Figgjogata i Stavanger har det kome snublesteinar. Til saman skal det bli lagt ned 53 steinar i Norge i august. Neste år kjem det fleire.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Over heile landet blir det nå lagt ned snublesteinar til minne om jødar, som blei drepne under 2. verdskrig. 14 av desse steinane kom i går til Stavanger på sju ulike adresser, og reaksjonane har allereie kome frå folk som opplevde krigen.

– Når steinane blei lagt ned i går kom det eldre folk bort til oss og kunne fortelja historier frå dei ulike stadene me var, seier Inger Bjerga i Stavanger kommune.

– Eg hugsar godt då dei blei tatt med av tyskarane, seier Dina Sæbbø om sine tidlegare naboar. Nå har den jødiske familien, som blei drepne i Auschwitz, fått kvar sin såkalla snublestein i Stavanger.

VIDEO: – Eg hugsar godt då dei blei tatt med av tyskarane, seier Dina Sæbbø om sine tidlegare naboar. Nå har den jødiske familien, som blei drepne i Auschwitz, fått kvar sin såkalla snublestein i Stavanger.

Hugsar dei godt

Og medan ho blir intervjua av NRK på radioen, kjem det fleire gamle til i Biskop Njåls Gate, der det har kome tre steinar til minne om den jødiske familien Becker, som budde her.

– Eg hugsar godt då dei blei tatt med av tyskarane. Etterpå var det utsal av alt det dei hadde i huset, fortel Dina Sæbbø, som trur ho var i 12-årsalderen då deporteringa skjedde i 1943.

Spesielt godt hugsar ho at det var mange klokker som blei selde, kanskje ikkje så rart sidan Hille Elieser Becker var urmakar. Han budde i Stavanger saman med kona, som var massøse og dottera på 21 år, som var student.

Dei blei alle drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz same året dei blei deporterte.

– Rørande med minnesmerke

Også Elise Trædal og Arvid Trædal kjem til. Elise hugsar også at familien Becker blei deportert.

– Eg kjende dei ikkje, men me visste jo kven dei var. Me hadde ikkje aning om kva som venta dei i Tyskland seier ho.

Alle dei gamle er samde i at det var flott at dei nå har fått eit minnesmerke i gata dei budde i, og at jødar over heile Europa også gjer det i snublesteinprosjektet, som den tyske kunstnaren Gunter Demnig starta i 1993. Det skal nå ha blitt lagt ned om lag 40.000 steinar i Europa.

– Det var rørande å sjå at det nå har kome eit minnesmerke her. Dette er berre flott, takk skal de ha, seier ei rørt Sæbbø og vender seg til Bjerga i kommunen. Ho tar til tårene, men seier at det var verst å leva med dette like etter krigen.

– Det er veldig mange år sidan nå, men i byrjinga var det veldig frykteleg.

29. september vil kommunen arrangera offisiell markering av snublesteinane, som har kome til byen.