Hopp til innhold

Greenpeace: – Klimaavtalen får store konsekvensar for Norge

Dersom Norge skal ta den nye klimaavtalen på alvor, kan ein ikkje opne opp for oljeleiting i nye område, det meiner Greenpeace Norge, som trur avtalen vil ha store konsekvensar for norsk oljeindustri.

Truls Gulowsen, Greepeace

Leiar i Greenpeace Norge Truls Gulowsen meiner klimaavtalen må bety at ein ikkje kan opne

Foto: Greenpeace

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er ein svært ambisiøs avtale som ein gong for alle viser fossilindustrien til historiebøkene, seier leiar for Greenpeace i Norge, Truls Gulowsen i ei pressemelding.

– Det kjem til å få store konsekvensar for Norge. Me blir heilt nøydde til å legge om kursen raskare enn me tidlegare hadde trudd.

Historisk avtale

På kvelden laurdag vart ein ny klimaavtale vedteken i Paris. Avtalen i Paris er den fyrste klimaavtalen som slår fast at alle verdas land skal bidra til å få ned utsleppa av klimagassar.

I tillegg må alle land gjennomgå og oppdatera sine klimamål kvart femte år.

I avtalen blir det også teke til orde for å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader. Skal ein nå det er det ikkje mogleg for Norge å opne opp for oljeleiting i nye område, meiner Greenpeace.

– Det er i det heile ikkje plass til norsk olje frå Barentshavet eller norsk gass langt inn mot 2040 i et 1,5 graders-scenario. Regjeringa er nøydd til å skrinleggja 23. konsesjonsrunde dersom me skal ta denne avtalen på alvor, seier Gulowsen.

Meiner avtalen likevel er for svak

Sjølv om Greenpeace kallar avtalen ambisiøs, er dei likevel klare på at det manglar konkrete planar for korleis den skal gjennomførast i praksis.

– Avtalen peiker på et digert fjell vi må klatre, men tilbyr korkje kart eller kompass. Utfordringa nå er å gjere desse orda som står på eit papir til handling. Klimaet bryr seg pent lite om avtaledokument, og det er det alt mange som føler på kroppen kvar einaste dag, seier Gulowsen.