Hopp til innhold

Gravide Anita og sambuaren Sindre sat i sigarettrøyk på konsert: – Eg trudde vi var komen lengre

Trass eigne røykesoner hamna både gravide og barn midt i sigarettrøyken. Kreftforeininga vil at det skal bli ulovleg å røyke fleire stadar i det offentlege – også utandørs.

Sindre Amlie og Anita Østebrød

Sindre Amlie og Anita Østebrød sette pris på Sildajazz 2021 i Haugesund, men skulle ynskje dei slapp å ha røykarar like ved seg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg kunne ikkje heilt forstå det, eg trudde vi var komen lengre, rett og slett.

Sindre Amlie og sambuaren Anita Østebrød var på Sildajazz i Haugesund førre helg.

Men i tillegg til god musikk og god stemning, var lufta også full av sigarettrøyk.

– Vi sat i ei røyksky, følte vi, heile tida. Vi sa ingenting, for vi blei eigentleg litt forfjamsa. Sjølv om konserten var bra, var det ubehageleg å sitje der, seier Østebrød, som er gravid i fjerde månad.

Kreftforeininga håpar på ei endring i lovverket som kan gjere det ulovleg å røyke fleire stadar i det offentlege rom – også ute.

Svært få røyker

– Det var jo ein grunn til at vi reagerte. Eg er jo gravid, og det sat mange ungar rundt oss, seier Østebrød.

Plagsamt eller ei, i dag er det relativt få som røyker.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå røyker 9 prosent av vaksne dagleg. Kring 8 prosent røyker av og til.

– Om det fåtalet som faktisk røyker sit spreidd utover, so vil det påverke dei fleste som er der. Om dei kunne ha eit eige område med bord for røyking so slepp vi andre å stå i det, seier Østebrød.

Les svaret frå Sildajazz lenger nede i saka.

Sigaretten er under press

Helsedepartementet har no eit forslag på høyring som mellom anna vil setje ei aldersgrense på 25 år på e-sigarettar og forby røyking i bil der born er passasjerar.

Dei opnar også døra for eit forbod mot røyking på leikeplassar og på utandørs idrettsområde.

Fleire byar i landet, mellom anna Tromsø, Trondheim, Bergen og Stavanger jobbar med eller har sine eigne reglar om ulike røykeforbod, opplyser Kreftforeininga.

Distriktssjef for Kreftforeininga i Rogaland, Camilla Gram, håpar regjeringa går endå lenger enn lovforslaget og innfører fleire røykefrie soner.

– Det kan vere strender, leikeplassar, gågater – stadar der det er mykje folk. Slik kan det bli triveleg for både barn, familiar og dei som plagast, som astmatikarar.

– Men i dag er det ganske få som røyker, er det verd å ta frå dei som driv med det dei moglegheitene dei har?

– Med veldig enkle grep kan ein gjere det veldig hyggeleg for alle, seier Gram.

Camilla Gram

Camilla Gram i Kreftforeininga.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

KrF vil utvide lova

Tom Landås er leiar i helseutvalet i Haugesund og politikar i Kristeleg Folkeparti. Dei har lenge jobba for å utvide røykelova.

Tom Landås, KrF Haugesund Helseutvalg

Tom Landås (KrF) frå Helseutvalet i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Folk sjølv forstår ikkje at dei må skjerme folk for røyking, så då må ein skjerpe inn røykelova.

Han synest lova fungerer greitt i dag, men at ho burde bli utvida.

– Visse areal utandørs kan bli helsefarlege. Og når det usunne ein gjer rammar ein tredjepart, så burde ein gjere noko med det, seier Landås.

Frp: – Unødig forbod

Framstegspartiet meiner dagens røykelov allereie gjer jobben med å skjerme ikkje-røykarar, og meiner det er heilt unødig å stramme inn om røykarane.

– Eg meiner det ikkje er naudsynt å byrje å innføre nokre forbod no i 2021. Eg, for min del, ventar at ingen røyker i ein bil med born eller på ein leikeplass saman med ungane, seier Morten Stordalen, helsepolitisk talsperson for Framstegspartiet og medlem av Helsekomiteen på Stortinget.

Han trur at ei lov vert overflødig.

– Ein treng ikkje innføre forbod til kvar tid for det som nokre ikkje likar, nettopp fordi eg trur folk stort sett er flinke til å ta omsyn.

Morten Stordalen

Morten Stordalen, helsepolitisk talsperson for Framstegspartiet.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Hadde lagt til rette

– Det er jo leit. Det er sjølvsagt aldri hyggeleg at der kjem røyk inn i område der det ikkje skal vere det, seier presseansvarleg Inger Karin Damm for Sildajazz.

Ho fortel at dei som arrangør hadde sett av eit par område kor ein kunne røyke.

– Vi hadde eit veldig bra vaktsystem, men det er klart at då det er tusen stykk på ein konsert som sit spreidd og det byrjar bli mørkt er det vanskeleg å oppdage alle, seier Damm.

Ho seier Sildajazzen legg opp sine arrangement etter gjeldande lovverk, og sjølvsagt ville ha retta seg etter eit eventuelt røykeforbod i kommunen.

Sildajazz 2021

Østebrød seier konsertane på Sildajazz var svært gode, men at dei gjerne ville ha vore forutan sigarettrøyken.

Foto: Anita Østebrød / Privat

Flere nyheter fra Rogaland