Hopp til innhold

Innfører gratis SFO for dei yngste

STAVANGER (NRK): Fleirtalspartia i Stavanger bruker 30 millionar for å gjere oljebyen til den mest attraktive storbyen i landet for barnefamiliar.

Ordfører Kari Nessa Nordtun (Ap) skrev autografer i skolegården på Kampen skole

OMSVERMA: Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) skreiv autografar i skulegarden på Kampen skule.

Foto: Øyvind Jacobsen

– Dette må vi gjere for å bli ein attraktiv by i konkurranse med Oslo, Bergen og Trondheim og ikkje minst internasjonalt. Vi vil vere byen der barnefamiliar vel å busetje seg.

Det seier ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap).

I dag presenterte ho og representantar for SV, Raudt, bompengepartiet og MDG planane om å fjerne betalinga for SFO for førsteklassingar frå neste skuleår.

Ordninga er ein del av det nye fleirtalet sitt aller første budsjett etter 24 år med fleirtal på høgresida og sentrum.

I dag kostar ein full plass i SFO 3011 kroner i månaden i Stavanger kommune. For kommunen vil endringa koste 30 millionar kroner årleg, viser utrekningar.

Fleire kan delta

Ingen andre av dei store byane har gratis SFO for førsteklassingar.

– Det er heilt fantastisk. Det betyr at fleire har moglegheita til å delta, seier Linda Solberg Brattli i FAU på Kampen skule der politikarane presenterte nyheita.

Linda Solberg Brattli sitter i FAU på Kampen skole i Stavanger

GLEDELEG: Linda Solberg Brattli sit i FAU på Kampen skule i Stavanger.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– SFO er viktig for den sosiale integreringa av barna. Mange har gjerne fleire barn, så det kan blir dyrt for familiane. Dette vil merkast, seier Brattli.

Frå før har partia lova å innføre søskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.

Jamnar ut forskjellar

Leiar for utval for oppvekst og utdanning, Eirik Faret Sakariassen (SV), meiner dette er det viktigaste grepet i budsjettet.

Eirik Faret Sakariassen

FORNØGD: Eirik faret Sakariassen (SV)

Foto: Privat

– Det gjer Stavanger meir attraktiv for barnefamiliar, det jamnar ut forskjellar og sørger for at alle ungar får vere med på leiken, slik at ingen må stå på utsida av gjerdet når vennene går til SFO, seier Sakariassen.

Mimir Kristjánsson (Raudt) viser til at statsminister Erna Solberg oppmodar fleire til å få barn i Noreg.

– Det er bra, men det er synd at det er ho som gjer det så dyrt å la dei vekse opp, seier Kristjánsson.

Kommunen må kutte andre stader i budsjettet for å få gratis SFO på plass. Førebels er det ikkje klart kvar pengane skal takast frå. Dette vil komme fram når heile budsjettet blir lagt fram torsdag.

Repeesentantene for flertallskonstellasjonen ble omringet av elever på Kampen skole.

JUBEL: Representantane for fleirtalskonstellasjonen vart omringa av elevar på Kampen skule.