Hopp til innhold

Avsluttar leseåret 2010 med gratis e-bok bok til alle

Einar O. Risa sin roman «M. Kanne & Søn 1889-1922» kan nå bli lasta ned gratis som lydbok og e-bok. – Ei førjulsgåve frå Rogaland til resten av landet, seier prosjektleiar Linn Tønnessen.

Linn Tønnessen

Prosjektleiar for «Hele Rogaland leser» Linn Tønnessen ved Biblioteket i Stavanger er glad for å gje heile Norge moglegheit til å lasta ned Einar O. Risa si bok.

Dermed avslutter prosjektet «Hele Rogaland leser» det offisielle leseåret 2010, med gratis bok til dei som vil ha.

Boka «M. Kanne & Søn 1889-1922» av Einar O. Risa har blitt laga som lydbok og elektronisk bok, og ligg tilgjengeleg for nedlast ut året på nettsidene til prosjektet.

Last ned

– Det som er mest spanande er kanskje dette med e-bok, som gjer folk moglegheit til å testa ut lesebretta sine. Kanskje dette kan kanskje gje meg eit yngre publikum, seier forfattaren Einar O. Risa.

  • Last ned lydboka her.
  • Last ned e-boka her.

Han legg til at det førebels ikkje er så mange norske e-bøker på marknaden.

Lydboka har blitt produsert av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, NLB, lest av Sigurd Sæverud.

Stort prosjekt

Dei siste tre åra har «Hele Rogaland leser» delt ut gratis bøker i pocket-utgåve i Stavanger og Rogaland. I 2008 blei Arild Rein sin «Kanininbyen» delt ut, i 2009 var det Alexander L. Kiellands «Fortuna».

I år var det «M. Kanne & Søn 1889-1922» som stod for tur, denne har blitt trykt opp i 50 000 eksemplar og delt ut gratis i heile Rogaland.

– Nå har interessa for bøkene mine blitt så stor at det er lange ventelister på biblioteket, seeier Risa.

Han har inga formeining om kor mange som kjem til å nytta seg av gratistilbodet, men seier at det er spanande som ein ny måte å marknadsføra seg på.

Einar O. Risa

Einar O. Risa er mest spent på om det er mange som vil lasta ned e-boka.

Foto: Tiden forlag