Hopp til innhold

Gratis buss, dersom staten betalar

Rogaland Arbeiderparti held fast på at dei vil ha forsøk med gratis buss i eitt eller fleire byområde i fylket. Men det skal berre vera eit tidavgrensa forsøk, og det skjer berre dersom staten tar utgiftene.

Kolumbus-buss i trafikken i Kannik i Stavanger sentrum Eirin Larsen/NRK

Bussen skal bli gratis, seier Rogaland Ap - kanskje og i tilfelle berre ei lita stund.

Foto: Eirin Larsen/NRK

Denne helga har Rogaland Arbeiderparti vore samla for å legge siste hand på det politiske programmet dei skal gå til val på til neste år.

For ei tid tilbake gjekk leiar for bystyregruppa i Stavanger Ap, Cecilie Bjelland, inn for eit forsøk med gratis buss i Stavanger. Fylkespartiet står bak det forslaget, men med klare avgrensingar:

Tom Tvedt, gruppeleiar for Ap i fylkestinget i Rogaland

Tom Tvedt, gruppeleiar for Ap i fylkestinget i Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det skal vera eit tidavgrensa forsøk og det skjer berre dersom staten tar kostnadane med forsøket. Det seier Tom Tvedt, som toppar fylkestingslista for neste periode.

Vil ut av Greater Stavanger

– Rogaland fylkeskommune betaler i dag omlag ein million kroner til næringssamarbeidet Greater Stavanger. Det fortel Tom Tvedt.

Nå vil han og partiet at Rogaland fylkeskommune skal melde seg ut av dette samarbeidet. I staden vil Ap at næringsavdelinga i fylkeskommunen og Innovasjon Norge i Rogaland, skal slå seg saman til ei slagkraftig eining, og samlast under eitt tak.

Ja til Gandsfjord bru

Fylkespartiet held også fast på at Gandsfjord bru må inn i Bypakke Nord-Jæren, og finansierast av bompengar.

Gandsfjord bru (modell)

Modell av korleis ei bru over Gandsfjorden kan koma til å sjå ut.

Foto: Vegvesenet

Den politiske leiinga i Sandnes har tidlegare gjort det klårt at det må skje for at Sandnes kommune skal seie ja til den nye bompengepakken. Nå stiller Rogaland Ap seg bak dette synet.

Harde tak i vente

Rogaland Høgre har fylkesordføraren og fleirtalet i Fylkestinget. Partiet støttar Greater Stavanger og er foreløpig skeptisk til å inkludera bygging av Gandsfjord bru inn i Bypakke Nord-Jæren.

Arbeiderpartiet legg med sitt nye program tydleg opp ein strategi for å utfordre Høgre på viktige område i Rogaland.

Første runde i kampen om brua over Gandsfjorden står komande fredag. Då møtes styringsgruppa for Bypakke Nord-Jæren til møte.