NRK Meny
Normal

Granplanting skal betre klimaet

45 millionar kroner statlege kroner skal brukast på å plante gran i Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland. Men berre ein femtedel av pengane går til sjølve treplantinga, meir enn halvparten blir brukt på å administrere ordninga.

Juletre

Det meste av granplanting som har skjedd dei seinaste åra i Rogaland, har handla om juletreproduksjon.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var sterk satsing på skogplanting i Noreg i førre hundreår. Den seinare tida har fokuset i større grad vore på at stadig meir kulturmark og dyrka jord gror igjen med kratt og småskog.

Likevel set regjeringa nå i verk eit storstilt tiltak for å auke skogplantinga i landet, med særleg vekt på granplanting.

LES OGSÅ: Om 50 år kan dette landskapet vera vekke

Meir enn halvparten til administrasjon

Totalt skal det nyttast 45 millionar kroner til treplanting, men berre ein femtedel, ni millionar kroner, går til sjølve utplantinga.

Eit like stort beløp skal setjast av som garanti til planteprodusentane, som skal driva fram treplantene.

Treplanting med Svinndal skole

Det er mangel på granplanter i Noreg, og derfor set prosjektet av ni millionar kroner som garanti til planteprodusentar.

Foto: Martin Tangen Schmidt

Resten av beløpet, 27 millionar kroner, går til å administrere ordninga sentralt og på fylkesnivå. Dette handlar om prosjektleiing, kartlegging av areal, kontaktmøte og evaluering.

Treårig prosjekt

Planen var at plantinga skulle byrja alt i år, men avdelingsleiar Audun Rosland i Miljødirektoratet seier til NTB at det ikkje er sikkert dei når det målet.

Grantrær

Målet er at grantrea skal vekse seg store og høge og ta opp i seg store mengder med CO2-gass, slik at den ikkje slepp ut i atmosfæren.

Foto: Helge Søfteland / NRK

Sikkert er det derimot at plantinga skal skje på opne areal og areal i tidleg gjengroingsfase. Det er også klarlagt at det berre skal nyttast norske treslag, og at det i tillegg til gran også kan vera snakk om nokre typar lauvtre.

LES OGSÅ: Når naturen må kappspringe med klimaet

Grana er det beste norske treslaget på å ta opp i seg CO2-gassar, og det er derfor den blir prioritert.

Kan bli landsdekkande tiltak

I første omgang er det snakk om eit pilotprosjekt som går over tre år, og som skal inkludera Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland.

Seinare kan treplanting i stor skala også bli aktuelt i andre fylke. Det skjer i tilfelle etter at evalueringa har vist om granplanting er eit godt verkemiddel for å få ned CO2-utsleppet.

(©NTB)