Hopp til innhold

Graffiti prydar eit heilt tog i Stavanger

I dag opna den nye gatekunstfestival «Nice surprise» i Stavanger. Opninga blei markert med eit stunt på stasjonen. Togselskapet Go Ahead har nemleg latt gatekunstnarar få lov til å spraya eit heilt togsett med graffiti.

– Dei har malt alt i natt, 80 meter med tog, seier festivalsjef, Tore Arholm Tobiassen

Han gir graffititoget terningkast sju.

– Eg begynner nesten å grina. At du får ein så fantastisk fin produksjon i samarbeid med eit selskap som Go Ahead. Når du tenker på historia, så har det vore krig mellom gatekunsten og toga. Men nå får me fått til noko så kult saman, seier Tobiassen.

Kunsten skal pryda toget i alle dei tre månadane festivalen føregår.

Dei får millionstøtte frå Stavanger kommune for å arrangera.

Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) stod for den offisielle opninga.

– Me er opptekne av å setta kunst og kultur på kartet. Spesielt gatekunst som er så tilgjengeleg for alle. Du kan oppleva det der du ferdast, seier Nessa Nordtun.

Grafitti på tog i Stavanger.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK