Hopp til innhold

Gøymer narkotika i vanleg post

Narko-handel på nett er ei veksande utfordring, ifølge Tollvesenet. Og kreative innpakningar gjer at narkotikaen er vanskeleg å oppdaga.

Narko på nett

Tollvesenet oppdagar stadig fleire brev med narkotika som er bestilt på internett. Arvid Skutle (bilete) i Stiftelsen Bergensklinikkene trur netthandel av narkotika er så godt som umogleg å stoppa.

Foto: Thomas Halleland

Innkjøp av narkotika på utanlandske nettsider blir stadig meir populært i Norge. Det stadfestar tolloverninspektør i Tollvesenet, Runar Kristiansen.

– Det er veldig populært og ei veksande utfordring for oss, seier han til NRK.

Tollvesenet oppdagar stadig fleire brev med narkotika som er bestilt på internett. Inspektør Kristiansen er bekymra.

– Mange av dei nye syntetiske stoffa veit me ikkje konsekvensane av. Slik me ser det, er dette både veldig farleg og kjempeskummelt, seier Kristiansen.

– Umogleg å stoppa

Runar Kristiansen

Tolloverninspektør Runar Kristiansen.

Ofte blir narkotikaen sendt i mindre mengder, noko som gjer det er vanskeleg for Tollvesenet å oppdaga breva i posten.

– Dei klarer å gøyma det vekk i ting som ser ut som ordinært post. Det kan sjå ut som rekningar eller tilsvarande, forklarer Kristiansen.

Arvid Skutle er forskingssjef i Stiftelsen Bergensklinikkene, og har god kjennskap til sal av narkotika på internett. Han trur netthandel av narkotika er så godt som umogleg å stoppa.

– Mange av desse stoffa blir etterkvart forbode i ulike land fordi ein avdekkar at verkestoffa er narkotisk stoff. Veka etter forboda blir stoffa pakka inn med andre namn og innpakningar. Dette er ein utruleg kreativ industri med stor økonomisk profitt, seier han til NRK.

– Kan vera svært farleg

Skutle trykker seg inn på ei tilfeldig utanlandsk internettside som sel narkotiske stoff. Via nettsida kan ein få levert narkotikaen på døra og betala med dei fleste betalingskorta.

Dette er stoff det er lite kunnkskap om og som kan vera svært farlege, ifølge forskingssjefen.

– Enkelte land slit med store leveransar av mange forskjellige typar stoff. Ein veit ikkje kva stoff ungdommane går på, og av og til treng dei akutthjelp på sjukehus. Det er kjempeviktig å identifisera desse stoffa, seier han.