Hopp til innhold

Godt vaksne slit med å koma tilbake i jobb

Arbeidsløysa blant dei over 50 år held fram med å stiga, trass i at arbeidsløysa elles i Rogaland går ned. Mangel på formell kompetanse kan vera ei forklaring, meiner NAV.

illustrasjon

Tala frå NAV viser at arbeidsløysa stig blant dei over 50 år i Rogaland, mange i denne aldergruppa har også gått ledige i lang tid.

Foto: NTB Tema

– Dei slo saman tre administrasjonar til ein, og då mista eg jobben sjølv om eg hadde vore der i 17 år.

Ho ynskjer å vera anonym, kvinna me møter på ei samling for arbeidsledige i Sandnes.

For eitt år sidan mista ho kontorjobben i olja, men det har vore vanskeleg å finna ein ny fast jobb, for ho er snart 59 år og manglar høgare utdanning.

– Sjølv om eg har lang erfaring, så har eg ikkje noko anna enn eit fagbrev i kontorfag, så då blir det sånn.

Arbeidsløysa stig

– Det høyrest veldig kjent ut, seier Stig Veland, leiar ved NAV-kontoret Eiganes og Tasta i Stavanger.

Framføre seg har han tala for februar. Dei viser at arbeidsløysa i Rogaland går ned, men for dei over 50 år er situasjonen ein annan.

Stig Veland

Stig Veland er leiar ved NAV-kontoret Eiganes og Tasta i Stavanger.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Me ser at arbeidsløysa held fram med å stiga blant dei som er mellom 50 og 59 år, og endå meir blant dei som er over 60 år, seier Veland.

Arbeidsløysa er høgare blant dei mellom 20 og 50 år, men her går arbeidsløysa ned, eller held seg stabilt.

Det som NAV uroar seg for, er at mange av dei ledige over 50 år har vore ledige i lang tid. Av dei om lag 1800 arbeidsledige i Rogaland som har mindre enn fem månadar igjen av dagpengeperioden, er over 450 av dei over 50 år.

– Det er ein krevjande arbeidsmarknad, og det er mange å konkurrera med når ein søker på nye jobbar. Alder speler nok inn, men me ser nok òg at kva type kompetanse ein har er ein faktor her, seier Veland.

Stiller høge krav

Det har kvinna me møter i Sandnes fått merka.

Kva type kompetanse er det arbeidsgjevarane vil ha?

– Då er det bachelor, og ein masse studiepoeng. Studiepoeng som eg ikkje har.

På samlinga i Sandnes er det også andre arbeidsledige som er i ein liknande situasjon. Alf Inge Oliversen er 62 år, og har vore ledig i 4 år.

– Eg prøver å stå på, men det er ikkje eg som avgjer kven dei skal ta, eller kven dei vil ha, fortel han.

Vil sette i verk tiltak

Dei godt vaksne som har gått lenge utan jobb har no blitt ei prioritert gruppe for NAV, og vil sette i verk tiltak.

– Dette kan til dømes vera tilskot til arbeidsgjevarar, som kan vera med på å redusera risikoen for arbeidsgjevaren, seier Veland.

Han understrekar at den arbeidsledige sjølv må gjera ein betydeleg eigeninnsats for å koma seg ut i jobb igjen.

– Men me vil appellera til arbeidsgjevarar om at det er mange eldre arbeidssøkarar med mykje erfaring og kompetanse som har mange gode år igjen i arbeidslivet.

Flere nyheter fra Rogaland