NRK Meny
Normal

Ungdom leverte inn stemmesetel på lik linje med dei vaksne

Valdeltakinga til 16- og 17-åringar var berre tre prosent lågare enn den generelle frammøteprosenten i landet. – Tida er moden for å senka aldersgrensa ved val, seier Reidun Vevle, som har leia forsøksordninga i Stavanger.

Skolevalg 2011

Fleire tusen 16- og 17-åringar fekk stemma ved valet. Det er andre gong med forsøksordninga i kommune- og fylkesvalet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Vallogo

– Generelt sett er valdeltakinga i landet for låg. Men me er svært nøgde med at 16- og 17-åringane ser ut til å ha omtrent like stort oppmøte som dei vaksne, seier Reidun Vevle, som er prosjektleiar for stemmerettsprosjektet i Stavanger kommune.

Både i 2011 og i år har Stavanger vore del av prosjektet der 20 kommunar har prøvd å senka aldersgrensa ved valet til 16 år.

Ho er overtydd om at prosjektet har vist at aldersgrensa bør gå ned i heile landet.

– Det var knytt litt uvisse til om valdeltakinga var ekstra høg i 2011 på grunn av Utøya, men i år er avstanden mellom ungdommen sitt oppmøte og dei vaksne sitt oppmøte mindre, seier ho.

  • Få full oversikt over kor mange 16- og 17-åringar som stemde lenger nede i artikkelen

57 prosent stemde

Av 3.136 unge ungdommar som kunne stemma i Stavanger var det 1.804 som nytta seg av stemmeretten. Det er 57,53 prosent, altså litt over landssnittet, og berre 2,6 prosent under frammøteprosenten for alle som er over 18 år.

I 2011 var det fleire 16- og 17-åringar som stemde, men avstanden til dei over 18 var då større prosentvis.

Dette skjer trass i at kommunen har hatt mindre opplegg for ungdommen i år.

– Me kutta ut førehandsstemming ved dei vidaregåande skule, og avgrensa det til ei samling med 10.-klassingane om våren, og elles fekk me med ungdom på å utarbeida plakatar og buttons, som blei delt ut på skulane, seier Vevle.

Valdeltaking blant 16- og 17-åringar

Kommune

Personar som stemde

Personar som kunne stemma

Frammøte

Marker

63

111

57%

Oppegård

446

698

64%

Hamar

416

679

61%

Gausdal

88

157

56%

Horten

364

670

54%

Porsgrunn

507

865

59%

Lillesand

163

285

57%

Mandal

266

440

60%

Stavanger

1804

3136

58%

290

518

56%

Austevoll

104

135

77%

Luster

91

133

68%

Eid

114

188

61%

Kristiansund

226

607

37%

Klæbu

111

195

57%

Namdalseid

22

42

52%

Tysfjord

28

43

65%

Målselv

93

178

52%

Vadsø

89

184

48%

Guovdageaidnu
Kautokeino

35

65

54%

TOTALT

5320

9329

57%

Unge har lågare deltaking

Ein lærdom frå valet i 2011 var at det var fleire 16- og 17-åringen som stemde, enn dei litt eldre ungdommane over 18 år.

I Hå kommune opplevde dei at deltakinga til 16- og 17-åringane var 58,7 prosent mot 64 prosent deltaking elles i kommunen. Sjølv om dette er godt over landssnittet.

Nå håper Reidun Vevle at aldersgrensa ved val blir senka.

– Tida er moden. Det vil bli meir demokratisk om ungdommen blir ein større prosentdel av folket, og me ser at dei yngste veljarane er svært seriøse og set seg godt inn i kva dei skal stemma på, seier Vevle.