Hopp til innhold

Godt i gang etter ferien

Ishockeylaget Stavanger Oilers brukte ein omgang på å rista av seg feriefølelsen. Deretter fekk Sparta gjennomgå og Oilers fortset som klar tabelltopp.

Tommy Kristiansen skårar 2-1 målet til Oilers

Tommy Kristiansen skårar 2–1 målet til Oilers

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Oilers var ikkje på topp i første periode. Utvisingar og litt halvhjarta innstilling såg ut til å prega spelet. Men dei tok sitt igjen dei to neste periodane.

I andre omgang køyrde dei fullstendig over tabell-femmer Sparta og avslutta med å gå frå 0–1 til 2–1. Sisteperioden viste at det var klar forskjell på nummer ein og nummer fem på eliteserietabellen. Oilers vant til slutt 6–3.

– Me legg eit massivt trykk på dei frå slutten av første periode og ut kampen. Då er det berre eit tidsspørsmål før måla kjem, og dei kom, seier Oilers-trenaren Petter Thoresen.

Stavanger Oilers møter Sparta i DNB Arena

Stavanger Oilers pressar på mot Sparta sitt mål

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ny skåring frå Trettenes

Mathias Trettenes er ein ung lokal spelar på Stavanger Oilers. Han sto for 4-2 skåringa til Oilers og sende også den siste pasninga til 5-2. Han merka også at det gjekk litt treigt frå starten av.

Mathias Trettenes, Stavanger Oilers

Mathias Trettenes skåra 4-2 målet for Stavanger Oilers.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Førsteperiode ber preg av at me har hatt fri og me slite litt med å få orden på alt, men me tar oss fint inn igjen, synes eg, seier han.

Fullt igjen

Nok ein gong var det fullsett i DNB Arena. 4250 pulikummarar hadde møtt opp. Mathias Trettenes merka godt stemninga. Ikkje minst då han skåra målet sitt.

– Det er ganske kjekt det. Det er ingen ting som slår den følelsen der.

Første periode

Stavanger Oilers vann sjansestatistikken ganske klart. Omgangen var elles prega av utvisingar, der Oilers spelte 3 mot 5 ei stund. Det var også i denne perioden, midt i omgangen, at Sparta tok leiinga. Målskårar for Sparta var Henrik Malmstrøm.

Stavanger Oilers møter Sparta i DNB Arena

Det var høg intensitet gjennom store delar av kampen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Andre periode

Det var Oilers som fekk dei fleste utvisingane i første periode. I andre periode overtok Sparta den rolla, og samstundes pressa Stavangerlaget på for utlikning. Etter stort overtal i sjansar gav det endeleg resultat midt i perioden. Josh Soares sette pucken i mål for Oilers.

Deretter gjekk det berre få minutt før Tommy Kristiansen førte Stavangerlaget opp i leiinga.

Tredje periode

Tommy Kristiansen var på plass igjen etter kort tid, og auka leiinga til 3–1. Oilers held oppe trykket og liknar på det topplaget dei er.

Men ei utvising for Stavangerlaget, var alt som skulle til for at Sparta var tilbake i kampen. Fredrik Lystad Jacobsen reduserer for bortelaget.

Godt for heimefansen då, at Mathias Trettenes sørga for 4–2 kort tid etterpå. Talentet frå Stavangerdistriktet var også mannen bak pasninga som førte til 5–2. Den skåringa sto Kristian Forsberg for.

Oilers hadde kampen under kontroll, men fekk likevel svi for fleire utvisingsminutt mot slutten av kampen. Victor Panelin Borg sette inn 5–3 i Spartaovertal.

Canadiske Jean-Michel Daoust avslutta ein skåringsmetta tredjeperiode, med å fastsette resultatet til 6–3 til Stavanger Oilers.

Vanskeleg bortekamp i vente

Oilers leiar nå eliteserien med ti poeng, men laget på andreplass, Lørenskog, har spelt ein kamp mindre.

Komande tysdag drar Stavangerlaget austover. Då møter dei Frisk på bortebane i Asker.

– Der må me vera førebudde og vera skikkeleg klare for å ta med oss tre poeng heim til Stavanger, slik at me leiar med minst 10 poeng før nyttårsrakettane smell, avsluttar trenar Thoresen.

Oilerstrenar Petter Thoresen i DNB Arena

Oilerstrenar Petter Thoresen i DNB Arena.