NRK Meny
Normal

Betre passasjergrunnlag for bybane i Stavanger, enn det var i Bergen

Då Bergen sette i gang med bygging av bybane hadde dei rekna med 2.600 passasjerar per kilometer på vekedagar. Om det blir bybane i Stavanger reknar ein nå med eit passasjertal på 400 fleire.

Bybanen i Stavanger

Passasjertala for ein bybane på Nord-Jæren ser nå så bra ut at det er lita tvil om kva som vil vera best for regionen ifølgje bybanekontoret.

Foto: Illustrasjon

Bybane ankom endestoppet

Bybanen i Bergen er nå oppe i 2.800 passasjerar per kilometer per kvardag. Dei rekna med 2.600 i 2015 då dei byrja bygginga.

Foto: Gunhild Agdesteen/NRK

– Konklusjonen av er at bybane bør bli løysinga her i Stavanger, Sandnes og Sola, seier Georg Karl Gundersen, leiar for bybanekontoret i Stavanger.

Han har nett lagt fram nye tal som syner at ein kan forventa i snitt 3.000 reisande per kilometer på kvardagar på strekka mellom Stavanger og Sandnes, og Forus og Sola.

– Kan få tvilarar til å snu

Politikarane nølar heller ikkje med å kasta seg på banen, når dei høyrer om prognosane.

– Dette er svært gledelege tal. Me treng dette nå for å få det politiske fleirtalet som me har behov for, seier gruppeleiar for Venstre i Stavanger, Per A. Thorbjørnsen.

Politikaren, som er frå Bergen, har nå tru på at bybane-tvilarane snur, og at det blir politisk fleirtal for bybane på Nord-Jæren.

Men det finst framleis dei som meiner at ein såkalla bussveg vil vera beste alternativ.

Bybanetal

Georg Karl Gundersen presenterte stolt nye tal for passasjergrunnlag på Nord Jæren.

Tilhengar av bussveg

For kort tid sidan sende avtroppande samferdselssjef i Rogaland, Gunnar Eiterjord, den endelege utgreiinga om bussveg-alternativet til Veritas.

Ein ferdig utbygd bussveg vil koste om lag 5 milliardar kroner, og det meste vil kunne stå ferdig om dryge fem år. Eiterjord er sikrare enn nokon gong på at bussveg er løysinga.

– Det er billigast og det har like god kapasitet som en bybane. Derfor er det ingen grunn til å gå for eit dyrare konsept, sa Eiterjord til NRK.no førre veke.

Bergen har overskride estimatet

Tala Gundersen i dag presenterer er eit estimat på passasjerar i 2040. Banen kan truleg ikkje vera klar før 2020.

I Bergen var det i 2015 dei skulle vera oppe i 2.600 passasjerar. Allereie nå har dei overskride dette estimatet.

Nok ein god grunn til å vera optimistisk til bybane på Nord-Jæren ifølgje Gundersen.