Hopp til innhold

Gode idear i sikte

Kronprins Haakon let seg imponera over gründerånda på Vestlandet, då han i dag besøkte fleire etablerar-selskap på Forus.

Kronprins Haakon let seg imponera over gründer-boomen som har vore på Vestlandet dei to siste åra.

SJÅ VIDEO: Kronprinsen trur at fleire av ideane han i dag fekk presentert, kan bli viktige i framtida.

Vestlandet står i første rekke bak gründerboomen, som har feia over landet dei to siste åra.

I fjor gjekk 30 prosent av alle etablerarstipend frå Innovasjon Norge til Vestlandet. I år er det 25 prosent som går til vårt område.

– Svært miljø for nyskaping

Det er folk som har mista jobben i oljebransjen, som står bak det meste av nye selskapsetableringar på Vestlandet. Og i dag fekk fleire av dei syna fram ideane sine for kronprins Haakon.

– Noko av dette kjem sikkert til å bli viktig i åra framover, og dersom dei som jobbar her får det som dei vil så blir dette eit svært miljø for nyskaping og nye bedrifter, sa kronprinsen etter besøket.

Meir om dei nye ideane som blei presenterte for kronprinsen ser du i TV-saka øvst i artikkelen.