Hopp til innhold

God start på laksefisket

Laksefiskarane i Bjerkreimselva er overraska over kor mykje fisk det er i elva. Det lovar godt for årets laksesesong.

Laksefiskere i Tengselva

Sigve Tengs, Stig Haugland, Brian Mcchatty og Julie Tengs med laks fiska måndag morgon i Tengselva, som er den nedre delen av Bjerkreimsvassdraget.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Midnatt opna laksefisket i fire av lakseelvane i Rogaland. Ved Tengsfossen i Bjerkreimselva i Eigersund hadde dei ivrigaste funne sine favorittfiskeplassar alt frå i natt av.

Blant dei Sigve Tengs og kameratane Stig Haugland og Brian Mcchatty.

– Eg er veldig overraska over kor mykje fisk det er i elva. Den bit heile, vegen seier Sigve Tengs.

Laks på fleire kilo

Kameratgjengen måtte måndag morgon dryga fiskinga slik at kvoten på to fisk per person ikkje blei fylt opp med ein gong.

– Den største me har fått er på seks kilo. Dei andre ligg på mellom fire og fem kilo, seier Tengs.

Det er svært høg vassføring i Bjerkreimselva om dagen, noko som lovar godt for årets laksesesong. Også dotter til Sigve Tengs, Julie, prøvde fiskelukka tidleg måndag morgon.

Og laksen beit alt på første kastet.

– Det er ein del fisk og den bit fort. Laksefiske er spennande, seier 19-åringen, som har vore med far sin på laksefiske i mange år.

– Eg blir med fleire gonger. Det er alltid kjekt å fiska. I dag håpar eg å komma heim med middag, seier ho.

(Artikkelen held fram under bilete).

Sigve Tengs

Sigve Tengs med årets første laks tatt ved Tengs i den nedre delen av Bjerkreimsvassdraget.

Foto: Øystein Ellingsen

Prøvefiske

Fram til og med 14. juni er det prøvefiske og dermed avgrensa kor mange som kan fiska laks i Bjerkreimselva.

1. juni starta også laksefisket i Ogna i Hå, Espedalselva i Forsand og Årdalselva i Hjelmeland. I dei andre kjente lakseelvane i Rogaland, som Suldalslågen, er det seinare sesongstart.