Hopp til innhold

Ein tørr og varm sommar gjer at Kjartan får nesten dobbelt so mykje mat per kvadratmeter

Bøndene melder om ein god kornhaust i heile Sør-Noreg. Nokre stadar vert avlinga nesten dobbelt so stor som vanleg.

Kjartan Trane Skadsem står i kanten av kornåkeren sin og kjenner på kornaksa. Bak han ser vi at det er treska ein del.

Kjartan Trane Skadsem på Voll fekk so gode grasavlingar at han kunne satse meir på bygg. No kastar også dei av seg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kjartan Trane Skadsem hadde håp om å få 750 kilo bygg frå kvar dekar han skulle hauste.

– Det er veldig bra. Vi skal vere godt nøgde om vi greier det, sa han medan treskemaskina gjekk over åkeren hans.

Fasiten etterpå vart 764 kilo per dekar. Det er 93 prosent, nesten dobbelt so mykje, som snittet i Noreg var mellom 2011 og 2021.

Felleskjøpet melder at bønder over store delar av landet er i ferd med å få i hus ei svært god avling.

Skadsem si avling med bygg vart nesten dobbelt so stor som landsgjennomsnittet for dei siste åra.

I alt fekk Skadsem nær 140.000 kilo bygg frå dei 180 måla han hadde dyrka opp i år.

– Optimale forhold

Allereie i juli spådde nokre bønder at vi kom til å få gode kornavlingar i Noreg.

For medan Nord-Noreg hadde den våtaste sommaren på over hundre år, var den i sør – der so og seie all kornproduksjonen er – både varm og tørr, men ikkje til det ekstreme.

– Hovudbiletet er at det varierer mellom det vi kallar normalt tørt til svært tørt, seier klimaforskar ved Meteorologisk institutt Hans Olav Hygen.

Geir Paulsen, som er avdelingssjef for såvarer i Felleskjøpet Rogaland og Agder, er svært nøgd med vêret som har vore i landsdelen.

Geir Paulsen står i ein kornåker der treskinga har byrja. Han står med ein mørkeblå Felleskjøpet-jakke på seg, held eit kornaks i hendene og ser på kameraet. Det er skyar på himmelen.

Mellom 2011 og 2021 fekk norske bønder i snitt 395 kilo bygg per dekar dyrka mark, ifølgje tal frå SSB. Skadsem si avling, som Paulsen står med i hendene vart langt større.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Vi har hatt gode forhold. Vi har hatt passeleg med regn, ikkje for mykje slagregn, og so er nok bøndene gode på å passe på kornet sitt.

Mindre fukt (regn) betyr også mindre sopp. Den kan nemleg øydelegge store delar av avlinga.

– I år har det vore ganske optimale forhold, seier Paulsen.

Ekstreme forskjeller

I sommar var det stor forskjell mellom landsdelane. I sør og aust, der det alle meste av kornet vert dyrka, var der gode vekstforhold. – Tørt og varmt er vel eigentleg det som samanfattar Sør-Noreg, seier klimaforskar Hygen.

Illustrasjon: met

Gode avlingar i «heile» landet

Rogaland, der Skadsem held til, står for ein liten del av den norske kornproduksjonen. Det har vore gode avlingar i store delar av landet, seier landbruksdirektøren i Felleskjøpet Agri til NRK.

Kornhausten på Austlandet har vore svært god, og tilsette ved våre siloanlegg er inne i veldig travle arbeidsveker, seier Bjørn Stabbetorp.

Ein av siloane i landsdelen er allereie so full at ein må lagre fôrkorn ute, noko landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) seier regjeringa arbeider med å løyse.

Trøndelag kom litt seint i gang, men ferske rapportar derifrå fortel også om gode avlingar, seier Stabbetorp.

Les også – Det haster med å dyrke mer matkorn

Ein stor åker med matkorn, kveite, står fullmoden i solnedgang.

Også matkorn, altso korn som vert til mjøl og mat for folk i staden for dyr, har hatt ein god sesong. Her frå Varhaug på Jæren.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Gjer meirsmak på korn

Bonden på Voll hadde allereie auka byggavlinga si frå 150 til 180 dekar i år. Dei gode resultata av avlinga, både bygg og gras, er oppmuntring til å halde fram eller auka satsinga på korn.

– Det er også veldig lett å omsetje. Frå du har hausta det er det berre å levere det på mølla, so er du kvitt det. Grovfôrproduksjon kan vere grei butikk det også, men der er det litt meir risiko for å brenne inne med rundballane og slikt, seier han.

Trass i at Rogaland i dag berre står for eit par prosent av norsk kornproduksjon, seier Paulsen at stadig fleire satsar på å dyrke det.

– Der er ein trend og interesse i landet og elles i verda for å dyrke meir korn, seier han.

Les også Verda treng mat. Så bonden Jon Lea satsar på å dyrka korn i risikoområde

Jon Lea og Arne Vagle