Produktet vert stoppa etter at ei fire år gamal jente frå Time vart skadd på fingrane då ho brukte limet.
Analysar frå SFT viste at glitterlimet inneheldt eit stoff som både er giftig, etsande, og allergiframkallande.
Fagrådgjevar Maren Wikheim i SFT er nøgd med at den danske og norske importøren trekk tilbake produktet.
Den norske importøren endrar nå rutinane ved import, og har skjerpa krava til detaljeinformasjon.
Butikkane er bedne om å senda tilbake produktet slik at det kan øydeleggast.