NRK Meny
Normal

Svært glatt på vegane fleire stadar i fylket

Politiet går ut og ber folk om å køyre forsiktig grunna glatte vegar. Det kan bli utrygt på vegane også i dagane som kjem.

Glatt veg

Det er svært glatt på fleire vegar søndag, og det kjem det til å halde fram med å vera i dagane som kjem.

Foto: Anders Fehn / NRK

I morgontimane søndag er det svært glatt på fleire vegar og sidevegar. Politiet ber folk om å vera obs.

Laster Twitter-innhold

Køyr forsiktig er meldinga

Klokka 20 laurdags kveld melde Rogaland politidistrikt at dei i løpet av den siste timen hadde fått fleire telefonar frå publikum med melding om svært glatte vegar fleire stadar i distriktet.

Politiet i nordfylket melde om det same. Der var det spesielt på sidevegane at det var glatt.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Blir glatt på vegane i dagane framover

– Det har vore glatt på vegane laurdag, og me ser at det kjem til halde fram i dagane som kjem, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Trond Thorsteinsson.

Også laurdags morgon var det fleire bilistar som sleit på glatta, og det blei rapportert om fleire trafikkuhell.

På søndags morgon må ein også køyre forsiktig.

– Det vil fryse på mange stadar. Og på vegane blir det nok verst i morgontimane, seier Thorsteinsson.

Meteorologen reknar med at temperaturen vil halde seg rundt null nattestid, til og med onsdag. Og folk må difor vera obs på at vegane kan vera utrygge i dagane framover.