Hopp til innhold

Gjert Ingebrigtsen: – Kjem ikkje nye toppidrettsfolk ved å steika fleire vaflar

Suksesstrenar Gjert Ingebrigtsen meiner den norske idrettsmodellen ikkje tar vare på talenta. – Dugnad gir ikkje toppidrettsfolk, meiner «årets trenar».

Gjert Ingebrigtsen

Gjert Ingebrigtsen fekk det travelt med boksal i pausen på trenarseminaret i Stavanger.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Gjert Ingebrigtsen snakka fredag kveld til om lag 250 lokale fotballtrenarar på eit trenarseminar i Stavanger. Seminaret var i regi av Norges Fotballforbund (NFF) i Rogaland.

– Breiddeidrett er ein fin ting og famnar alle. Men eg saknar at den fortel at «det ikkje blir laga nokon Messi her». Eg ønsker meir openheit om kva breiddeidretten faktisk produserer: Ordentlege folk og ikkje toppidrettsutøvarar, sa Gjert frå scena.

– Må finna modell for å ta vara på talenta

Sjølv har suksesstrenaren, som nyleg blei kåra til årets trenar på Idrettsgallaen, henta inpirasjon frå ulike idrettar og gått sine eigne vegar. Det har resultert i tre søner – heilt i verdstoppen i mellomdistanseløp i friidrett.

– Det kjem ikkje nye toppidrettsfolk ved å steika fleire vaflar, sa «Pappa Gjert», som la vekt på det å skapa ein prestasjonskultur til trenarkollegaene i fotballen.

Han var også tydeleg på at, med få unntak, finst det ingen norsk modell som sikrar talenta si utvikling.

Trenarseminar Stavanger

Mange møtte opp på trenarseminaret til NFF Rogaland på Clarion Hotell i Stavanger.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Ein må finna ein modell for å ta vare på talenta i idretten, uavhengig av alder og utvikling, seier Gjert Ingebrigtsen til NRK etter foredraget og boksignering.

– Korleis tar den norske idrettsmodellen vare på talenta i dag?

– Så vidt eg kjenner til så er det ikkje ein god nok modell for å ta vare på dei beste. Men dette må inn i rammer som gjeld for alle, kor alle får same sjansar uavhengig av kjønn, familiebakgrunn og slike ting.

– Kva må då skje med den norske modellen, slik du ser det?

– Me må ha ein norsk modell som også tar hand om dei beste. Det bør ikkje vera avhengig om du har råd til å senda ungane på privatskule og betala for dei beste trenarane. Det gir heller ikkje dei beste resultata.

Arrangøren: – Likar å bli utfordra

Arrangøren av trenarseminaret, fotballforbundet i Rogaland, synst det er bra at det er folk som vågar å utfordra. Dei meiner fotballen kan bli tydelegare på kva den er i breiddeidretten.

Erik Løland

Dagleg leiar NFF Rogaland, Erik Løland.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Me ønsker å organisera oss slik at me får med flest mogleg. Me er også opptatt av at me treng ein mengde for å få ein topp, og så skal me klara å legga til rette for begge delar, seier dagleg leiar NFF Rogaland, Erik Løland.

Sportssjef i Avaldsnes, Lena Tyriberget, var blant fotballeiaren som med interesse lytta til foredraget til Gjert Ingebrigtsen.

Ho er oppteken av å ta vare på den sterke breiddeidretts- og dugnadskulturen som finst i Norge.

– Hindrar det store breiddeidrettsfokuset talent å bløma?

– Eg trur me kan få til begge deler. Det er viktig slik Fotball-Norge er bygd opp. Men overfor dei spelarane som vil bli gode, må me vera medvitne på at det kanskje krevst meir enn det laget du trenar på driv på med, seier Lena Tyriberget i Avaldsnes.