Hopp til innhold

Gjengvolden kan ta av

Åtferdsforskar fryktar meir blind vald frå gjengar i Stavanger.

Erling Roland

Årferdsforskar Erling Roland ved UiS

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Dersom medlemmar i ein gjeng utfører blind vald ein gong, og lukkast med å koma unna. Så senkar det terskelen for å gjera det fleire gonger.

Dette seier åtferdsforskar Erling Roland ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Han er uroa etter at det som truleg er tre forskjellege ungdomsgjengar i Kannik-området i Stavanger, fleire gonger har vore innblanda i blind vald.

Misser kontrollen

- Dei som gjer dette opplever at dei misser kontrollen over seg sjølv. Det er ei gruppemekanisme som fungerer veldig sterkt i dette tilfellet, seier Roland.

Han veit også frå forskinga at dei skuldige ofte vil skåre høgt på agresivitetskalaen, når dei får personlegdomen sin undersøkt. Samstundes er det å utføre blind vald noko som gir høg status i desse gjengane.

Politiet må inn

- Forskinga viser også at det har ein positiv effekt at politiet grip inn og set dei skuldige under etterforsking, seier Roland.

Det skjer nemleg at gruppa etterkvart opplever det dei gjer som lovleg og heilt OK. Men når politiet, barnevernet og den vidaregåande skulen går saman om å gjera noko, blir ofte resultatet at valdsåtferda stoppar opp, kan åtferdsforskar Roland fortelje.