NRK Meny

Gjekk seg vill ved Kjerag

Oppsummert

Eit amerikansk par i 20-åra gjekk seg vill i mørket ved Kjerag. Dei melde frå om at dei var kalde og våte. Dei hadde ikkje kle som var eigna til å vere ute i regn og kjøleg vêr.

  • Funne ved Kjerag

    Eit par i 20-åra frå USA som hadde gått seg vill i mørket ved Kjerag i natt, blei funne av ein patrulje frå Roverne ved 6-tida i dag tidleg.

    Dei to var kalde og våte, men i grei form og blei fulgt ned til parkeringsplassen ved Ørneredet, opplyser politiet.

  • Gått seg vill ved Kjerag

    Eit par i 20-åra har gått seg vill i mørket ved Kjerag i natt. Dei meldte frå til politiet litt over klokka 01 og var då kalde og våte, og hadde ikkje eigna kle til å vere ute. Ei patrulje frå Roverne er sendt for å hjelpe dei.