Hopp til innhold

Gjekk med dundrande underskot, brukte 50.000 på mat til seg sjølv

I fleire månadar har studentorganisasjonen i Stavanger jobbe med å kartlegga pengebruken under årets fadderfestival, som gjekk med rekordunderskot. No er resultatet klart.

Verdens lengste frokostbord

Studentorganisasjonen ved Universitetet i Stavanger inviterte studentar til verdas lengste frukostbord under fadderveka i haust.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det har vore veldig krevjande å sjå alle pengane som har blitt brukt, seier Cathrine Johanne Sønvisen, leiar for Stor – studentorganisasjonen i Stavanger.

Lenge var det fleire postar i budsjettet som ikkje var gjort reie for, og Stor jobba iherdig med å finne ut kor pengane var blitt av.

Det endelege resultatet viser at fadderfestivalen gjekk 622.139 kroner i minus. Studentane i Stavanger risikerer no eit dårlegare fritidstilbod neste semester.

– Dette går ut over studentanes pengar. Stor mistar pengar me kunne nytta på studentar, seier Sønvisen.

Cathrine Sønvisen

Cathrine Sønvisen, leiar i Stor – studentorganisasjonen i Stavanger.

Foto: STUDENTORGANISASJONEN I STAVANGER

Faddersjef Kim Roger Andersen, som styrte pengesekken til fadderfestivalen i år, vil ikkje kommentera det endelege resultatet. Han har tidlegare uttalt at han synest det er synd at det gjekk slik det gjorde.

Noko av grunnen til underskotet var at festivalen fekk færre besøkande enn dei håpa på.

Men styret bak festivalen brukte også mykje pengar på seg sjølv. Mellom anna gjekk 60.000 kroner til sydentur for dei ti i styret.

Reagerer

Dei budsjetterte med 65.000 kroner til såkalla «drift» av fadderstyret, noko som innebar ting som kontorrekvisita, heimeside og til mat.

Sluttsummen enda på 237.111 kroner. Det er 172.114 kroner meir enn planlagt. Over 50.000 kroner gjekk til møtemat.

– Det er altfor mykje, seier Sønvisen.

Festivalleiar Kim Roger Andersen seier dette:

– Det kostar pengar når artistar og frivillige skal få mat.

Rundt 150 frivillige var i sving under fadderfestivalen.

– Ingen har så store magar

Fleire studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS) synest ikkje noko om pengebruken.

– Ingen har så store magar at dei trenger mat for 50.000 på ei veke, seier student Tor Inge Egbakke.

Tor Inge Egbakke

Tor Inge Egbakke

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Den største overskridinga er rigging av telt og fadderlandsby. Totalt vart det sett av ein million kroner, men prislappen blei på over 1,35 millionar kroner.

– Dette er ikkje greitt. Dei har satsa altfor stort. I tillegg har dei feilprioritert og ikkje hatt kontroll, seier Egbakke.

– Ei utfordring

Studiekamerat Sindre Broberg er samd.

– Dette er trist og unødvendig. Men eg håper at fadderfestivalen til neste år blir ei god oppleving for nye studentar, og for dei som skal arrangere, seier Broberg.

Faddersjef for 2019, Christian Hjelle, får underskotet med seg på veg mot neste års festival.

– Det viktigaste no er å sjå framover og ha ein positiv tankegang. Eg må fokusere på kva eg kan gjera i min periode, seier han til Studentmediene i Stavanger (Smis).

Han innrømmer likevel at det blir ein del økonomiske utfordringar.

– Det blir nok ein del kutt på postar som artistar, underhalding og styretur, men det skal framleis bli ein bra festival, sjølvsagt.

Måndag skal budsjettet til fadderveka behandlast i Studentparlamentet. Stor-leiaren håper ho der får støtte til å gå i dialog med UiS om økonomisk hjelp.

– Me håpar UiS kan dekke halvparten av underskotet, seier Sønvisen.