NRK Meny
Normal

Gjæser som arbeidskraft på Jæren

Sjå innslaget frå 1972 – då jærbonde Tore K. Wiig brukte gjæser som sommararbeidarar i potetåkeren sin.

Sjå innslaget frå 1972 - då jærbonde Tore K. Wiig brukte gjess som sommararbeidarar i potetåkeren sin.

RETRO: Innslaget gjekk i Dagsrevyen 27. juli 1972. Reporter var Arne Fjørtoft og Omdal var fotograf.

Dette innslaget er så langt det eldste me har lagt ut i Rogaland retro-serien.

Det blei laga av Dagsrevyreporter og saudabu Arne Fjørtoft, saman med frilandsfotograf Omdal.

Dette var før NRK Rogaland hadde TV-sendingar, men nyheita om at jærbuane nytta gjæser til å plukka ugras var likevel så god at den kom med i Dagsrevyen.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK