Hopp til innhold

Gir psykisk sjuke meir tid

Partiet Venstre vil ikkje ha strengare inntakskriterier for psykisk sjuke ungdommar, som vil gå vidaregåande skule på Møllehagen i Stavanger. Men ennå er det uvisst kva som kjem til å skje.

Opplæringsutvalget Rogaland

Opplæringsutvalget Rogaland får ein vanskeleg sak på bordet

Foto: Marianne Terjesen / NRK

- Det viktigaste for oss i Venstre er at desse ungdommane skal få gjennomføra vidaregåande skule. Det seier Svein Abrahamsen, som er Venstre sin representant i Opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Svein Abrahamsen, medlem i Opplæringsutvalet (V)

Svein Abrahamsen, medlem i Opplæringsutvalet (V)

- Kostar dette meir pengar, så vil me likevel leggje til rette for at flest mogeleg av desse elevane skal få sjansen, sjølv om det betyr at nokre av dei brukar meir tid enn maksimalgrensa på fem år for å bli ferdig med vidaregåane, seier Abrahamasen.

Foreslår innskjerping

I ei sak til Opplæringsutvalet sitt møte på tysdag, er Opplæringsdirektøren kritisk til å gi elevar utan "utdanningsrett", mulighet til å søkje seg inn ved Møllehagen.

Dette gjeld elevar som alt har brukt opp fem år og som ennå ikkje er ferdige med treårig vidaregåande skule. Desse elevane skal likevel få eit tilbod, men ikkje nødvendigvis ved Møllehagen.

Opplæringsdirektøren argumenterer med at kostnadane for Rogaland fylkeskommune vil auka og at dette kan vera urettferdig for andre vanskelegstilte ungdommar, som ikkje får eit slikt spesialtilbod.

Møllehagen er altså ein skule for ungdom med alvorlege psykiske sjukdomar, som mellom anna også gir tilbod om vidaregåande opplæring.

Ei vanskeleg nøtt

Med tanke på neste haust så er det 12 av 46 søkjarar til vidaregåande på Møllehagen, som ikkje har rett til å koma inn. Dei har alle brukt opp sine fem år.

- For mange av desse kan trygd frå NAV bli resultatet. Og for meg er det uforståeleg at det kan vera samfunnsøkonomisk fornuftig, seier Ståle Amland, som er far til ein av elevane som går på Møllehagen i dag.

Usikkert utfall

Bjørn Sæstad frå partiet Høgre er nestleiar i Opplæringsutvalet. Då Nrk snakka med han sist torsdag, var han tilbakehalden med å seie kva utvalet kjem til å enda opp med.

- Me må vera forsiktige slik at ikkje elevane ved Møllehagen får særfordelar framfor andre elevar med rusvanskar, fysiske handikapp eller lettare psykiske sjukdommar, seier Sæstad.