Hopp til innhold

Gir opp Viking - gir bort supportareffektar på Finn

Viking-supportar Rune Berg har fått nok av dei svake sportslege resultata til klubben i sitt hjarta. Nå kvittar han seg med supportareffektar på Finn.no.

Rune Berg

Her er annonsen til Viking-supportar Rune Berg. Han har fått nok av dei svake sportslege resultata til klubben.

Foto: Privat/Finn

– Etter 1–2 tapet for Lillestrøm 16. mai fekk eg nok. Nå er det nok Viking for i år, seier Rune Berg frå Kvernaland.

Rett etter kampen, der Viking sløste med sjanse på sjanse og tapte, gjekk han rett inn på Finn.no på nettet og lagde ei annonse der han gir bort Viking-lua si.

«Gis bort grunnet manglande motivasjon til å fortsette å heie på Viking», står det i annonsen.

Berg har også lagt ut ein Viking-jakke til sals på same nettstad. At begge rogalandsrivalane FK Haugesund og Sandnes Ulf ligg høgare enn Viking på eliteserietabellen, har vore vanskeleg å svelgja for Viking-patrioten.

– Prestasjonane til Viking har vore for svake dei siste åra. Nå orkar eg ikkje følgja med lenger, slik unngår eg ein del frustrasjon, seier Berg.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Viking - Lillestrøm

Viking-keeper Rune Almennin Jarstein tydeleg frustrert etter at Lillestrøm skåra mot Viking 16. mai.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

– Alarmerande

Publikumsinteressa for Viking har så langt denne sesongen vore lite å skryta av. 16. mai-kampen mot Lillestrøm i Stavanger blei berre sett av drygt 10.500 personar.

I sesongens første heimekamp mot Odd Grenland møtte berre drygt 8.300 på Viking stadion. Aldri før har publikumstalet på ein opningskamp vore så dårleg sidan Viking opna sin nye stadion 2004.

Jørgen Tengesdal

Jørgen Tengesdal, fotballekspert i NRK Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det er alarmerande og ikkje haldbart at stavangerpublikummet sviktar Viking. Eg merkar at folk ikkje bryr seg like mykje som før. Det er ein farleg trend, seier fotballekspert i NRK Rogaland, Jørgen Tengesdal.

Tengesdal meiner supporteren som gir bort Viking-lua si illustrerer stemninga blant Viking-fansen.

– Det einaste som har mangla for Viking dei siste åra er nedrykk til 1. divisjon. Ting snur fort i fotball, men blir det ein ny sesong med ei svak tabellplassering får det konsekvensar for interessa, seier han.

– Stavangerpublikummet er kravstore. Dei er gode når det går godt, og svake og illojale når det går dårleg, legg den tidlegare Viking-spelaren til.

Avviser at folk vender klubben ryggen

Viking Fotball på si side avviser at mannen som gir bort Viking-lua si på Finn illustrerer korleis stemninga er blant supporterane.

– Det einaste eg kan seia er at eg håpar han igjen kan bli stolt av laget og ta på seg hua, seier kommunikasjonssjef Ole J. Askeland.

Han er ikkje spesielt bekymra over publikumstala på Viking stadion denne sesongen og viser til godt oppmøte på lokalderbyet mot FK Haugesund i slutten av april.

– Då kom det over 13.400 personar til stadion. At få kom 16. mai har ein del med det dårleget vêret å gjera. I tillegg stod trafikken stille i Stavanger og me fekk ikkje det gode salet i timane før kampen, seier Askeland.