NRK Meny
Normal

Ny oljeplattform på veg til Stavanger

Til neste år skal Gina Krog-feltet i Nordsjøen etter planen vera i gang med oljeproduksjon. Sjå delane si ferd frå Korea til Stavanger.

Dronevideo som viser transport av Gina Krog modular frå Korea.

25. juni byrja ferda frå Korea, som vil ta om lag 50 dagar. (Foto: Statoil)

Gina Krog er eit olje- og gassfunn som ligg 250 kilometer frå Stavanger. Feltet skal driftast av Statoil frå Forus, og nå er plattforma på veg frå Korea til Stavanger.

Ferda starta 25. juni, og er berekna å ta 50 dagar. Transporten har med seg ei hovudramme på ca. 11500 tonn, ein utstyrsmodul på 3500 tonn og ein pressmodul på ca. 3700 tonn. Totalt vil plattformdekket til Gina Krog vega rundt 18 500 tonn.

I august skal alle dei fire modulane samt flammebommen løftast opp på stålunderstellet, som blei installert på feltet for eit år sidan.

Les også: Statoil gir kontrakt verdt 6 milliardar til sørkoreansk selskap

Les også: Lite olje- og gassfunn i Nordsjøen

Les også: – Ingen fellesferie på plattform